Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane i ny nervepirrande kamp



Roger i aksjon (arkivbilete)
Foto:Sirikit Bakke

Måndag 5. mai presis klokka 18.00 bles dommar Kjell Rune Nyheim i gang kampen mellom smågutane til Balestrad og Jotun. Det skulle bli jamnt og tett i denne kampen og...

 

Jotun stilte med to sigarar frå sine to første kampar som ballast. Slikt gjev sjølvtillit til unge fotballgutar. Men Balestrandgutane hadde jo slådd sjølvaste Vik, og var klare til å gje Jotun kamp på heimebane.

Dei første minuttane starta med litt upresist spel frå begge lag. Pasningane sit ikkje heilt og spelet bølgar fram og tilbake Etter 5 minutt får Jotun frispark på midtbana. Balestrand set forsvarslina vel høgt, og då frisparket kjem i bakrom vert det farleg med ein gong med løpsduellar mellom våre forsvarar og deira angriparar. Kjell Andre som er er keeper kjem våkent ut og klarerer, men er uheldig og treff eigen forsvarar. Ballen dalar ned hjå ein Jotunspelar som er pressa, men likevel får løfta ballen over keeper og i det tomme målet. Bra prestasjon, og 0-1 til Jotun.

Etter dette tek Balestrand over og rullar opp fleire angrep. Per Aki får stjernetreff frå vel 16 meter, men treff stolpen heilt oppe i høgre kryss. Så legg Birk ei flott passning med utsida av foten til Fredrik som stormar gjennom og scorar sikkert. 1-1 og det er spelt 11minutt av kampen.

Defensivt har Balestrand bra kontroll, og det er Balestrand som skapar dei store sjansane sjølv om det heilt store finspelet manglar. Kristoffer avsluttar glitrande med skot ned mot venstre hjørne, etter ei like glitrande pasning frå Asgrim, og berre ei super rednig hindrar Balestrand i å ta leiinga. Også Fredrik er gjennom aleine, men vert forstyrra såpass at avslutninga går rett på keeper. Sjølv om det gode pasningsspelet manglar litt til tider, klarer vi betre å få med kantspelarane i dag. Både Endre, Håkon og Roger involverer seg positivt ved fleire høve. Dette er positivt og det gjev oss fleire alternativ i angrepsspelet.

Då dommaren bles til pause kan vi vere nøgde sjølv om det framleis står 1-1. Andre omgang startar som første. Balestrand er det laget som kanskje er marginalt betre, men ingen klarer å skape det heilt store. Så ut av ingenting pressar ein Jotunspelar to av våre forsvararar på eit langt oppspel, og det som skal vere ei enkel klarering vert omgjort til ein aleine mot keepersituasjon. Her gjer han ingen feil, rundar elegant og set inn 1-2 til Jotun.

Ein liten kaddusj kanskje etter spel og sjansar, men slik er det jo ofte i fotball. Viljen i Balestrandlaget er imponerande, men vala med og uten ball stemmer ikkje alltid heilt. Jotun har sett sin bestemann på midtstopparplass og han rydder unna det meste som kjem. Jotun er også meir på hogget offensivt no og skapar situasjonar på overgangar. Forsvaret til Balestrand heng ikkje heilt med i alle situasjonar ei stund, men utan at Jotun klarer å skape dei heilt store sjansane. Kampen er intens og står og vippar.

Etter ei periode med høgt press ender ballen på venstre side. Håkon legg til Georg ute på kanten. Han tek ballen med seg nokre skritt mot hjørnet av 16-meteren, og slår inn ein flott innoverskrudd innlegg mot bakerste stolpe. Ballen skjærer inn mellom eit hav av grøne og blå spelarar, men ingen treff ballen - ikkje keeper heller - og ballen går rett i mål. Det står 2-2.

Balestrand får no betre kontroll bakover og pressar på i sluttminutta. Det lysar vilje av alle i blå drakt, og det er fortent når Asgrim kan pirke ballen over streken til 3-2 til Balestrand etter eit par tre fine angrep. Dei siste minutta har Balestrand bra kontroll, og kan til slutt sleppe jubelen laus etter nok ein gong å ha trekt lengste strået i ein jamn og spennande kamp.

Jotun-laget var ein symatisk og fin gjeng, både spelarar og leiarar. Vi takkar for kampen og ynskjer dei lukke til vidare.


Kjell Andre Bakken
Keeper i 1. omgang, og gjer ein god jobb. Er uheldig på første målet. Spelar i midtforsvar i 2. omgang, og gjer ein stor innsats. Sikkert og godt duellspel - det er få som kan matche Kjell Andre på dette nivået i duellar når han er på rett plass!

Tommy Ese
Keeper i 2. omgang. Er sjanselaus på målet, og gjer nok ein gong ein solid innsats. Vert i grunnen ikkje sett på dei heilt store prøvane i dag.

Georg Nesse
Set forsvaret litt høgt på 1. scoring. Bytter med Birk og speler sentral midtbane delar av kampen. Oser av vilje og er involvert i mykje. Scorer det viktige 2-2 målet.

Kåre Andre Balevik
Mange trygge klareringar i midtstoppar rolla i dag også. Av og til litt på etterskot på returløp i denne kampen og. Fek ein halv omgang på høgre back og løyste kanskje den oppgåva aller best i dag.

Trygve Olav Feidje
Trygg på backplass. Jamnt god kamp. Mange fine kombinasjonar med med Kristoffer og Endre på høgresida i det offensive spelet. Fin spelartype som oppmuntrar lagkameratane.

Endre N. Offerdal
Jobbar intenst i kantrolle på høgre midtbane. Svært positv kamp og har prestasjonsmessig og taktisk stor framgang frå forrige kamp. Fine kombinasjonar og mange gode innlegg - bra! Eit par lurvete taklingar trekker litt ned.

Viljar Bakke Nesse
Løyser oppgåvene som venstreback svært bra i dag. Løper opp dei fleste, og takler godt. Litt justering på plassering og samhandling med dei andre i forsvaret ved nokre situasjonar kan vere potensiale å utvikle på kort sikt. God framgang!

Roger Sande
Stor og solid forsvarspelar. Løyser oppgavene både på venstre ving og høgre back godt. Har bra taklingar og lukkast inni mellom med kontrollerte pasningar med riktig god adresse. Kan bruke den gode fysikken sin enda eit hakk.

Håkon Thue
Jobbar godt i midtbana. Er flinkare til å bruke rom på sida når vi er i angrep i dag. Har ei god avslutning som stryk venstre stolpe. God framgang frå forrige kamp.

Birk Isane
Jobbar bra på sentral midtbane og spelar gjennom Fredrik til 1-0. Får prøve seg i midtforsvaret i delar av kampen og løyser denne oppgåva betre og betre utover i kampen. Oppskrift: Kjell Andre i duellar, medan Birk tok ut djupne. God jobb!

Kristoffer Lidal
Ikkje fullt så mykje involvert som sist, men det skulle jo mykje til. Er den spelaren som i dag gjer mange gode val. Spelar opp kanspelarane gong på gong og har sjølv eit par gode avslutningar. Vert litt vekke i periodar, men igjen viser Kristoffer at han er ein viktig spelar for laget - og ikkje minst bidreg til eit spel slik vi ynskjer å spele.

Asgrim Farnes
Asgrim fornektar seg ikkje. Som troll av eske, og det i ein ny venstre kantrolle i sluttminutta, dukkar han opp og set inn 3-2 målet som sikrar sigeren. Har potensiale i å vere litt meir på løp og trekke seg fri i forkant av situasjonane.

Fredrik Hanevik
Fredrik heldt fram den gode innsatsen frå 1. kamp og scorer 1-1 målet. Har fleire gode initaiativ utover dette. "Går på løp" høyrer vi og då veit vi det er full fart. Vert sliten og i ettertid viser det seg at han truleg er i startfasen av sjukdom. For Fredrik var ikkje på skulen eller treninga dagen etter på grunn av at var sjuk - og det er sjelden han er så dårleg at han melder forfall!

Per Aki Kvikne
Viser at han er kapabel til å finne nettmaskene mot kven som helst, sjølv om scoringa uteblei akkurat i denne kampen. Fantastisk skot som fortente ein betre skjebne! Fleire gode involveringar. Potensiale i å trene meir slik at løpskapasiteten auker.


Vil ikkje trekke fram nokon bestemann i dag. Super lagseier der alle bidreg kvar på sin måte!



Skrive av: Arne Abrahamsen (06.05.08 - 23:46)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943963 besøk, sidan 18. juli 2005