Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillejentene med gladfotball i Årdal




Foto:geir

Lillejente spela sin første seriekamp borte mot Årdal, og det var jamnt og spennande.


11 unge jenter møtte noko spente i Holmen med Jotun i Årdal som mål for turen. Dette var første kampen som desse jentene skulle nokon gong på "stor" sjuarbane. Turen til Årdal gjekk fint, og alle gjekk ut på bana noko spente på lillejentedebuten.

Flotte speleforhold

Det tok berre 38 sekundar før både store og små frå Balestrand kunne roe ned pulsen. Balestrandsjentene gjekk rett frå avspark og sette ballen i mål og tok leiinga 1-0.

Jotun kom raskt til hektene etter sjokkopninga, og etter 14 minutt spel stod det 3-1 til heimelaget.

Innkast for Balestrand 

Så var det Balestrand sin tur att. I løpet av 4 minutt skåra vi to flotte mål. 3-3, og dermed var laga like langt.

Då domaren bles for pause etter 30 intense minuttar, hadde Jotun laga to nye mål, og dei grønkledde gjekk til kvilen med leiing 5-3.

Vi vart einige i pausen om å vere litt tøffare i duella i 2. omgang, samtundes som jentene òg måtte tore meir og stole på eigne ferdigheiter. Dette gav resultat. Etter ein time speling på kunstgraset i Øvre Årdal, enda kampen med 6-5 seier til Balestrand.

Jentene viste flott innsats under heile kampen, og alle synte at dei har hatt fin framgang etter vintertreningane. Jentene spelte litt på forskjellige plassar. Utfordringa for trenaren var i hovudsak innbyte av spelarar. I seg sjølv er dette ein heil jobb. Vi kom likevel bra frå det, og det var ingen av jentene som vart misfornøgde med speletid og plassar.

Fornøgde jenter etter 6-5 seieren

Nokre plasterlappar vart nytta i løpet av kampen. Det er nemleg ikkje gummi på kunstgraset i Årdal. Der er det sand!

Rebekka, Synnøve og Elsa skåra måla for Balestrand.

Thea, Kamilla, Elsa, Nathalie, Synnøve, Rebekka, Lise-May, Caroline, Vanessa, Andrea og Dyrleif var jentene som fekk ein flott start på fotballsesongen.

"Fastfood" smakar godt etter endt dyst

Mixkiosken fekk sving på grytene då svoltne jenter kom innom

Etter kampen var det stopp på Mixkiosken i Øvre Årdal, og der gjekk tida fort. Faktisk så fort at vi ikkje rakk ferge klokka 2250 frå Hella. Det gav oss ein time venting på Hella, og tok jentene laus...

Og så var det desse fergene som ein må venta på



Skrive av: Geir Harkjerr (29.04.08 - 15:51)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935800 besøk, sidan 18. juli 2005