Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Fin fotball frå smågutane



Kreklingen - arena for store opplevingar
Foto:eirik thue

Også smågutane møtte Vik i seriepremiera. Til liks med gutekampen vart det jamnt og spennande.

 

Med 16 spelarar i troppen var det nye smågutelaget til Balestrand I. L. klare for første seriekamp. Ein flott gjeng med blanding av 94-, 95- og eit par 96-spelarar. For spelarane frå dei to yngste årsklassane er 11-arfotball ei heilt ny erfaring, medan dei eldste har ein sesong på baken. Etter ein lang vinter er sesongpremieren spesiell, anten det no er første gong eller ein er meir erfaren i gamet.

Det var difor ei naturleg spenning i lufta før kampen. Kor står vi? Er vi nokolunde på line med motstandaren eller vert bærtur i skogen. For Vik er eit klubb med fleire gode spelarar i både i 94- og 95-klassa, og det er ikkje alltid vi har gått seirande ut av tidlegare kampar for å seie det slik.

Då dommaren bles i gong kampen såg vi raskt at dette fungerte bra. Gutane jobba godt i alle posisjonar. Spesielt var forsvarsjobbinga god både i midtbane og forsvarsleddet. Vik kom i grunnen til få sjansar gjennom heile 1. omgang. Offensivt klarte Balestrand å få til fint kombinsasjonsspel gjennom midbana ved fleire høve, og vi produserte fleire fine sjansar som følgje av dette. Etter å ha hatt to, tre store sjansar kunne Fredrik Hanvik plassere ballen forbi keeperen til Vik etter eit flott gjennomløp - til stor jubel frå eit nesten fullsatt stadion. Etter fleire fine sjansar doblar Per Aki Kvikne leiinga etter ein corner. Dette resultatet held seg til pause. Ei fortent leiing, og Balestrand er nærare 3-0 enn Vik er redusering.

Andre omgang startar som første. Fleire fine sjansar til Balestrand, men vi er ikkje heldige i avgjerande augnablink. Vik har som nemnt eit par svært gode spelarar. Jøran Berdal er kretslagsspelar med fart, balanse utom det vanlege og slepen teknikk. Etter å ha blitt nøytralisert av Georg Nesse i gjennom heile første omgang, kom Jøran seg laus ved nokre høve no, og då er det farleg med ein gong. Etter eit par forsøk aleine med Tommy Ese som reddar glitrande lukkast Jøran og Vik får si redusering til 2-1. Flotte prestasjonar og full spenning. Men Balestrandgutane fortset med fint kollektivt angrepssel, og Fredrik Hanevik og Asgrim Farnes aukar til 3-1 og 4-1. Med mindre enn 10 minutt att ser det heile ut til å gå mot ein sikker seier.

Men fotballen er rund, og mange har fått erfare at fotballkampar kan bli avgjort i siste sekund... På 3 minutt scorar Vik 2 mål og det står 4-3 - og det er enda 5 minutt att! Vik er med i kampen og styrer og ser at her kan de få med seg både eitt og tre poeng. Då tek gutane frå Balestrand tak og jobbar som heltar. Kjell Andre Bakken står fram med energi som smittar over i ein kvar i blå drakt. Med solid jobbing vert Vik helden i sjakk - og sigeren trekt i land.

Alt i alt var dette ein kamp med prestasjonar og resultat eit godt stykke over det vi forventa! Med andre ord ein kamp som viste at det er mykje positivt å ta med oss vidare. Kor bra det no vert framover, avheng sjølvsagt av kor ivrige vi er til å trene. For det er dei som øver og trener som utviklar seg og vert gode!

Kjell Andre Bakken
Keeper i 1. omgang, og har eit par svært solide inngripenar. Held nullen. Spelar back i 2. omgang, og gjer jobben godt og med stor entusiasme som smittar. Ei storraid og avgjerande innsats i sluttminutta.

Tommy Ese
Keeper i 2. omgang og gjer et par fantomredningar. Er også i god strekk på eit av måla og kunne med litt flaks ha avverga nok ein 100%-sjanse.

Georg Nesse
Styrer midtforsvaret på ein perfekt måte i 1. omgang. Får nokre trøkkar og vert litt sliten utover i 2. omgang. Alt i alt Balestrand i.l sin bestemann i dag.

Kåre Andre Balevik
Mange trygge klareringar i midtstoppar rolle. Av og til litt på etterskot på returløp. Solid innsats og er kanskje den spelaren som har utvikla seg mest siste året?

Trygve Olav Feidje
Trygg på backplass. Godt blikk, god plasseringsevne mange og av dei som har forsvarsbevegelsane inne. Sjeldan lurt av bakromsløp.

Endre N. Offerdal
Jobbar intenst anten det er back eller kantrolle på midtbane. Er mest vant til å spele back, men gjer ein mist like god jobb lengre framme på bana med fart og teknikk.

Viljar Bakke Nesse
Er som Endre både back og kantspelar på midbanen. Løyser oppgåvene godt i begge posisjonar. Viser stort potensial når han set fart og trykker til.

Roger Sande
Stor og solid forsvarspelar. Løyser oppgavene på bacplass godt med gode taclingar. Hadde stor framgang i fjor med riktige bevegelsar og gode returløp. Med trening kan Roger bli så god som han vil.

Nicolas Krokum
Er ein spelar med godt humør og svært stor fart. Fekk ikkje heil utnytta farta i denne kampen, men med litt trening på plassering og timing vert dette svært spennande framover.

Eirik Buene
Oppofrande innsats på midtbana, Var nok den spelarane som blei takla luftigast i denne kampen. Rista det av seg og fortsette å jobbe. Viktig bidrag i laget!

Håkon Thue
Jobbar godt i midtbana. Har ein flott fridraging på 16-meteren som i seg sjølv var verdt turen. Må jobbe litt med å komme i rette posisjonar for gjennomspel, innlegg og skot. Viser på trening at han har utvikla skotfoten mykje. Avslutta sesongen i fjor med to mål i siste kamp, og vi vert ikkje ovverraska om keeperen på motstandarlaget må plukke ballen ut av nettet etter eit Håkon-skot med det første..

Birk Isane
Svært god jobb på sentral midtbane. Kom raskt opp i press på ballførar og hindra mange oppspel til Vik sine spissar. Fine kombinasjonar med Kristoffer i det offensive spelet. Kan med fordel forsøke med skot frå litt distanse av og til.

Kristoffer Lidal
Jobba også som ein galeislave på sentral midtbane. Svært mykje av det offensive spelet var innom Kristoffer i dag, og vi fekk sjå mange døme på både teknikk og god fotballforståing. Kunne fort ha kommet på scoringslista etter mange gode forsøk.

Asgrim Farnes
Asgrim er 96-spelar og hospiterar saman med Fredrik på smågutelaget. Dagens kamp viser klårt og tydeleg at dei er modne for oppgåva. Mange fine involveringar og 1 mål er meir enn godkjent.

Fredrik Hanevik
Fredrik som også er 96-spelar imponerer med mange initiativ og løp. Stor fart og gode avsluttningar gjer han til ein målfarleg herremann. 2 mål og fleire store sjansar viser at mykje trening betalar seg.

Per Aki Kvikne
Er ein måltjuv av rang. Stort sett på rett plass når han skal. Har fleire virkeleg store sjansar, men keeperen til Vik er både god og heldig. Vert likevel 1 mål og eit sterk bidrag i kampen.



Skrive av: Arne Abrahamsen (26.04.08 - 00:06)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935893 besøk, sidan 18. juli 2005