Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med seier i seriepremieren


Jentelaget vann fortent 5-0 over Bjørn på Kreklingen stadion onsdag kveld. Stillinga ved pause var 1-0 til vertane.

Vertane frå perla ved Sognefjorden tok raskt kommandoen mot eit ikkje alt for godt lag frå Gaupne utan at dei skapte dei store sjansane. Dei største sjansane kom etter corner. Martina la nokre gode cornerar, og etter 3-4 cornerar lyktast det endeleg for Alette å pirke ballen i mål.

Det siste kvarteret av denne omgangen viste Balestrandjentene svakt spel, og det var faktisk gjestane som tok over og kunne og burde ha utlikna etter at dei var åleine med keeper. Men det svake skotet tok Berit seg av.Oline, som kom inn i slutten av omgangen, presenterte seg raskt, løp i frå det som var av forsvarsspelarar, men klarte ikkje å score åleine med keeper. 

I andre omgang tok jentene frå Balestrand tak i kampen frå første stund. Bjørnejentene hadde vel knapt ei avslutning på mål i denne omgongen.Oline fekk vist noko av sitt store talent med to flotte scoringar. Det andre målet på ei flott heading. Det vart ein smule dramatikk då tre av jentene vart skadd på relativt kort tid, og me berre hadde to innbytarar. Dermed måtte jentene spele ei stund med berre 10 spelarar på laget. Men, det såg ikkje ut til å spele nokon rolle. Tvert i mot. Alette var frampå to gongar, det siste målet på ein flott solo. Dermed 5 – 0 til jentene. 

Dette laget har hatt ei utvikling den eine månaden dei har trena ute på kunstgraset som nesten ikkje er til å tru. Sjølv om me må vere så ærlege å seie at det ikkje var noko stort lag som gjesta Kreklingen denne vakre vårkvelden, var det likevel ein oppløftande kamp for jentene og mykje å gle seg over. Nokre av jentene manglar heilt klart kamptrening, og det gjekk på stumpane laus dei siste minutta av kampen. Det som imidlertid er bekymringsfult er alle skadane ein del av jentene slit med og som gjer at dei ikkje får trena ordentleg. I tillegg til dei 13 jentene som var disponible til denne kampen, er tre framleis ute med skade. 

I tillegg til Oline og Alette sine scoringar, var det fleire av jentene som jobba godt. Det er difor ikkje rett å trekk fram einskilde spelarar, men Amanda sitt gode og oppofrande spel er gull verdt for dette laget. 



Skrive av: Alf Høyrem (25.04.08 - 14:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935321 besøk, sidan 18. juli 2005