Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jamn kamp i seriepremieren for gutane


Den fyrste gutekampen på seks år for BIL enda med eit knepent tap mot gutane frå gamalostbygdi Vik.

Etter ein fartsfull og hendelserik omgang gjekk laga med 2 - 2 til pause.

Kim Andre laga to fine mål for heimelaget.

 

I andreomgang vart det berre eitt mål, og det var det dessverre Vik som skåra. Sigeren var ikkje heilt ufortent, men på ein dag med litt betre utteljing kunne dei blå frå perla ved Sognefjorden ha fått med seg eitt poeng eller tre.

 

Sjølv om det vart tap denne gongen viste laget stor framgang frå treningskampen mot Syril og alle har grunntil å vere bra nøgde med innsatsen sin. Midtforsvaret med Alen og Lars Kjetil fungerte veldig godt og på topp hadde Kim Andre ein god kamp. Trur ikkje det er mange spelarar i denne serien som har tilsvarande fart og rykk. Det må og nemnast at Ole hadde ein solid kamp i mål.

 

BIL stilte slik i kampen mot Vik:

4-4-1-1

Ole Tjugum

Kent Andre M. Dale, Lars Kjetil Nordeide, Alen Demirovic, Jonakim Hanevik.

Stian Midttun, Adrian Wolff Nesse (kapt.), Georg E. Nesse, Christian Grøneng Aaland.

Kristoffer Midtbø Lidal

Kim Andre Høydal Marifjæren

 

Desse kom inn:

Frank Sande

Fabio Keller

Erlend Dale

    

Skrive av: Sveinung Alværn (23.04.08 - 16:34)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943959 besøk, sidan 18. juli 2005