Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Baneplanar er lagt ut




Foto:Geir Harkjerr

Nye baneplanar med oversikt over trening og kampar er no lagt ut under "Treningstider" i venstremenyen

Baneplanar med oversyn over treningar og kampar vert lagt ut vekesvis. Baneplanane er utarbeidd i samarbeid med alle trenarar/oppmenn. Det er i størst mogeleg grad lagt inn faste treningstider, men i  kampsesongen vil avvikling av kampane variere frå veke til veke. Dette gjer at vi må tilpasse og justere treningane no og då. 

Det vil erfaringsvis bli endringar av kamtidspunkt, og også justering av treningar ut i frå andre aktivitetar. Til trenarar og oppmenn minner vi om at flytting av kampar meldast i god tid dersom dei kjem i andre lag si treningstid. Gje då melding til det laget det gjeld, samt til underteikna.

Til foreldre og spelarar er det viktig å vite at treningstidene i baneplanen kan bli justert av trenar/oppmenn. Eksakt info. om trenings og kamtider vert gjeve av trenar/oppmenn og er det som gjeld.

Arbeidet med baneplanane er koordineringsarbeid på høgt plan der alle må gje og ta litt. Vi forsøkjer  heile vegen å gjere dette så bra som mogeleg - så kom gjerne med forslag til forbetringar.

PS   Det er mykje ledig treningstid om morgonane og rett etter skuletid! 

Lukke til!



Skrive av: Arne Abrahamsen (17.04.08 - 11:40)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943956 besøk, sidan 18. juli 2005