Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Årets første siger



Supersvensken i aksjon.
Foto:Eirik Thue

Veitastrond er rekna blant favorittane i 5. divisjon. Tysdag fekk dei bank i Balestrand.  

 


 Johannes Nilsson og co. spelte på seg ein solid dose sjølvtillit, då dei vann kampen fullt fortent 3-2 etter at det stod 2-1 til pause.  

Sola skein, og kunstgraset var som vanleg grønt på Kreklingen stadion. Slikt må vera befriande å sjå for gjengen frå brebygda i Luster. På sine eigne heimsider melder dei om at Leikvoll Stadion sist helg hadde 1,5 meter snø...  

Balestrand og Veitastrond har spelt mange knokkelkampar opp gjennom åra. I år er det ein divisjon skilnad på laga. Veitastrond har styrka stallen, og mange av dei frammøtte såg fram til å sjå den tidlegare Sogndal-profilen Kurt Heggestad i aksjon. Men han tok diverre ikkje turen ut til Perla ved Sognefjorden. Men det vart god underhaldning likevel. Etter ein tam start med mykje spark og spenn, viste Veitastrond styrke. Dagens målvakt, Geir Harkjerr, fekk fista eit skot i stolpen. Her var heimelaget heldige som ikkje kom bakpå.

 I det 11. minuttet fylte dommar Torstein Kvam lungene med luft, og bles alt han var god for i fløyta. Straffe til Balestrand etter at ein av bortelaget sine forsvarar vart vel ivrig med armane innanfor 16-meteren. Arnstein Menes svikta ikkje frå straffemerket. Keeperen gjekk til venstre, og ballen til høgre. Fem minuttar seinare skulle det ha stått 2-0. Roar Eriksen viste  at godfoten er rett innstilt framfor sesongstarten og skrudde ein corner over målstreken før ein forsvarar klarerte. Ballen var ein halv meter inne, men trønderårdølen med fløyta tolka det annleis. 

 18 minuttar ut i kampen vart det balanse i målprotokollen. Balestrand sitt 3-5-2-system slo sprekkar. Eit par tapte duellar på midten førte til at venstresida vart som ei opa låvedør. Innlegget frå sida vart klistra i mål frå ein lite pressa spiss i midten.Theodor Kvikne og Tommy Ese svikta ikkje den delen av publikum som likar råskap og knottar som får dagslys. To stygge taklingar vart servert av duoen i løpet av kort tid. Løna for stunta vart kvart sitt gule kort. Etter grisespelet var det duka for ei scoring som fekk publikum til å tenkja på gode gamle Wimbledon. Magnus Lidal la ein perfekt corner. Øyvind Neset viste at han framleis har litt spenst att i leggane, og banka inn dagens flottaste mål med pannebrasken. Frå første omgang kan det også nemnast at Geir Harkjerr etter ein halv time spel presterte ein tv-redning. Han fekk kroppen ut i full strekk og slått eit heller svakt skot til corner. Flott å sjå på var det. 

 Veitastrond opna andre omgang best. Og etter litt klabb og babb vart ein spelar på bortelaget litt klønete felt innanfor 16-meteren. Straffen var korrekt, og ballen fauk i mål. Dermed stod det 2-2. 58 minuttar ut i kampen fell avgjerda. Bjørnar Gudmestad, som kom inn som spiss for Øyvind i 2.omgnag, vart spelt fri og gjorde ingen feil åleine med keeper. Ti minuttar seinare gjorde Arnstein Menes alt heil perfekt på eit innlegg, og banka ballen i mål etter å ha finta vekk alt av forsvarar. Men dommaren annullerer målet. Ti trekk før var det frispark til Balestrand. Her burde dommaren blese litt før, men sidan det var treningskamp var det greitt at Arnstein fekk prøva seg på denne måten. Etter dette vart det mykje bytting på begge lag, og kvaliteten var variabel som følgje av dette. Balestrand hadde full kontroll heile vegen ut, og vann full fortent.   

Balestrand sin nye midtbaneprofil Magnus Lidal, elev på Sygna, viste i denne kampen duellstyrke, teknikk og ein god pasningsfot og får bestemannsprisen. Skal ein trekkja fram noko negativt er det at laget framleis slit med å halde ballen i laget. Det er mange spelande typar i troppen som kan gjera noko meir kreativt med ballen enn å slå den langt. Noko av skulda for dette må underlaget ta. Ballen humpar bortover bana. Her må nokon ta grep. Anten er det for lite kuler eller så må bana vatnast før kamp. Dette mysteriet må teknisk etat prøva å finna ut av. 

KAMPFAKTA: Balestrand – Veitastrond 3-2(2-1)Treningskamp, Kreklingen stadion

Mål: 1-0 Arnstein Menes(11.), 1-1 (18.), 2-1 Øyvind Neset(22.), 2-2(49.), 3-2 Bjørnar Gudmestad(58.)

Balestrand: Geir Harkjerr, Magnus Algrøy, Tommy Ese, Theodor Kvikne – Sondre Skrede, Johannes Nilsson, Magnus Lidal, Peter Førsund, Roar Eriksen- Øyvind Neset, Arnstein Menes.
Desse kom inn i løpet av kampen: Roy Kenneth Rendedal, Madushanka Perera, Bjørnar Gudmestad, Anders Dale, Sendan Demirovic.

Publikum: 40

Les Strondi sin kamprapport her


Dagens perle på kreklingen, signert Øyvind Neset
Foto:Eirik Thue


Magnus Lidal - banens beste mot Strondi.
Foto:



Skrive av: Eirik Thue (15.04.08 - 23:56)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935290 besøk, sidan 18. juli 2005