Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Volleyballturnering


Laurdag 8. mars vert det full fart i Belehalli. Då skipar Balestrand Ungdomsklubb i stand volleyballturnering.

Det vert tre ulike klassar. Det er høve til å melde på lag i dameklasse, herreklasse og i ein mixklasse. Det vert sett krav til minimum to damer på mixlaga.

Deltakinga er gratis for alle under 20 år. Dei som er over 20 år betalar ei symbolsk deltakaravgift på kroner 30,- per spelar.

Du kan melde deg på som enkeltspelar dersom du ikkje har noko lag. Arrangøren set då saman lag med enkeltspelarar. Turneringa startar klokka 1300.

Påmeldingsfrist for enkeltspelarar og for lag er sett til torsdag 6. mars. Påmelding kan ein gjere ved SMS til 991 63 621, eller at ein tek direkte kontakt med kontaktperson som er Jakob Nyborg-Christensen.

Vel møtt til volleyballmoro i Belehalli, laurdag 8. mars klokka 1300.



Skrive av: Geir Harkjerr (23.02.08 - 10:36)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943886 besøk, sidan 18. juli 2005