Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Eit fattig mål for lite




Foto:Eirik Thue

Småjentelaget mangla berre eitt mål for å gå vidare til sluttspelet i KM

Balestrand stilte med to lag i KM kvalifiseringa i Sogndal laurdag. Det vart meir spennande enn hjartet har godt av.  95-laget opna dagen med å tapa 0-2 mot Lærdal etter å ha vunne sjansestatistikken 10-3. Det var kampen då ballen ikkje ville i mål. Punktum finale.

I kamp to fekk Høyang ein leksjon i god fotball. Jentene gav seg ikkje før det stod 6-1 i målprotokollen. Her fekk tekniske jenter vist at dei har mykje fotball både i hovudet og beina. 

I gruppefinalen mot Sogndal 1 var utgangspunktet greitt. Balestrand måtte vinne med to mål for å gå vidare til sluttspelet i Måløy i mars. Laget spelte med hjartet utpå drakta, og vann fortent 1-0  mot Sogndal sitt beste lag. Men det var ikkje nok. Balestrand rauk ut av det gode selskap med eitt mål mindre scora enn sogndølene.  

Også 94-laget var i aksjon i Sogndal. Det vart tre tap, men jentene viste moral då det meste gjekk dei imot. Laget var prega av influensaen, som har lamma bygda den siste veka. Feber og fotball er ein dårleg kombinasjon. Når lånefjorden sin beste midtsoppar, Camilla, i tillegg vart stygt skadd i første kampen vart det tungt. Laget skal ha honnør for at humør og innsats var på topp heile vegen. Dette lovar godt for sesongen som kjem. 

På dei to laga spelte: Berit, Kamar, Camilla, Torunn, Marit, Vår, Malin, Mirijam, Heidrun, Emina, Brita, Ida, Oline, Amalie, Stine(halv kamp grunna sjukdom)



Skrive av: Eirik Thue (09.02.08 - 22:56)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487476 besøk, sidan 18. juli 2005