Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


BIL kjøper ny trakkemaskin




Foto:jørgen

BIL kjøper ny trakkemaskin i Saurdalen etter å ha hatt mykje problem med den gamle maskina vår.
Dette er mogeleg ved hjelp av støtte frå Balestrand kommune samt at me nyttar midlane som me fekk frå Røde kors som skulle gå til fres på den gamle maskina.

Det var no naudsynt å gå til innkjøp av ny maskin, då den gamle har gitt oss mykje hovebry det siste året.
Maskina me no kjøper er brukt, men i svært god stand, med utstyr som me tidelgare kun har drøymt om.
Den nye maskina skal være på plass innan kort tid, og skal nok og gi betre skitilhøve i Saurdalen.
190.000,- kr kostar den nye maskina, og er tungt løft for idrettslaget.

Det er og dyrt å drifte anlegget i Saurdalen, og me minner om at det er anledning til å støtte innkjøpet av den nye maskina på kontonr: 3705.03.32277.

Me er svært takknemmelege for gåver til formålet, som kjem alle tilgode som ferdast i Saurdalen ved det flotte anlegget me har bygd opp.

 



Skrive av: Kjetil Nesse (03.02.08 - 21:27)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487151 besøk, sidan 18. juli 2005