Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Sportsplan for fotball


Sportsplan for fotball er no endeleg vedteken formelt i Balestrand Idrettslag

Tysdag 15. januar vart "Sportsplan for fotball, Balestrand IL" vedteken formelt på styremøte i idrettslaget.

Utkast til planen har vore send ut til alle med sentrale verv i Balestrand Idrettslag. Det vere seg styret, trenarar, oppmenn, støtteapparat, osb. I tillegg har ein tidlegare gjort det kjend på heimesida at ein kunne ta kontakt med Geir Harkjerr dersom ein ynskte planen tilsendt via mail.

Fleire gode innspel har kome, og desse er det teke høgde for i samband med at planen er ført i pennen.

Det er òg laga eit vedleggsdokumet der ein finn retningslinjer om:

  • Foreldrevettreglar
  • Reglement for barnefotball
  • Barnefotballreglar

Nokon har meint at sporsplanen kanskje var noko omfattande og lang. Det kan ein godt seie, men samtidig så meinar ein at det meste ein treng no skulle vere teken med. Det er ikkje nødvendig at alle les og kan alt. 

Sportsplanen er meint som eit styringsdokument for all fotballaktivitet innan Balestrand Idrettslag. Ein ynskjer at alle aktørar kjenner til dei grunnleggande verdiane som ligg i botnen. I tillegg vert det stilt krav til trenarane at dei kjenner til det som gjeld den aldersgruppa dei er trenar for. Ut over det kan alle sjølve velgje kva dei vil lese.

Sportsplanen skal evaluerast med jamne mellomrom, og det er difor viktig at det vert gjeve attendemelding dersom det er noko ein saknar, eller som kanskje bør endrast på. 

Trenarkoordinator har ansvar for å fylgje opp sportsplanen.

Ein finn sportsplan og vedlegg til denne her på heimesida til BIL. Det ligg på venstre side under Aktivitetar - sportsplan fotball




 



Skrive av: Geir Harkjerr (26.01.08 - 10:44)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487218 besøk, sidan 18. juli 2005