Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Sterkt av damene i KM




Foto:Geir Harkjerr

Damelaget spelte seg fram til semifinale i innandørs KM laurdag, og gjorde ein framifrå innsats.

Etter å ha hamna i ei særs sterk pulje i det innleiande gruppespelet, var ein nøktern optimist med tanke på å gå vidare. Kaupanger 1 var første motstandar. Dette laget var eit toppa Kaupangerlag med berre spelarar frå 2. divisjonslaget, og ein såg føre seg 18 tøffe minuttar.

Kaupanger hadde det meste av spelet, men det var Balestrand som skapte dei største sjansane. Kaupanger hadde rett nok eit skot som sneia tverrliggaren, men Balestrand var aleine mot keeper tre gongar. 10 sekund før full tid vart kampen avgjort ved at Alette sette ballen kaldt og roleg i mål då ho vart spelt flott gjennom. Sensasjonen var eit faktum. "Balestrand skal ikkje slå Kaupanger sjølv om det er innefotball" vart sitert på tribuna, og det vart ein aldri så liten "snakkis" dei næraste timane.

Kamp to gjekk mot Førde. Kampen var heilt jamn, men Førde skåra heile tre gongar i løpet av nokre få minuttar midtvegs i kampen. Alle tre måla kom på frispark, som vart sett rett i mål. Sjølv om Førdianardama var god til å skyte frispark, så skal ein ikkje gje vekk tre mål på den måten. Ein heller skuffa gjeng kom kraftig med på på jorda etter den flotte starten.

Så var det berre å vente til siste kamp mot Bremanger 2. Dei tapte 0-4 mot Kaupanger og 1-3 mot Førde, og ein visste at berre seier var godt nok dersom Balestrand skulle gå vidare. Bremanger tok leiinga tidleg i kampen, men jentene frå Balestrand nekta å gje seg. Ingunn smelte inn utlikninga med eit kanonskot som gjekk via tverrliggaren. Ragnhild og Ingunn gjorde flott førearbeid, og Ann Kristin sette inn 2-1 nokre minutt seinare, før Heidi sette inn sluttresultatet til 3-1 to minutt før slutt.

Ein fekk så høyre at Førde hadde tapt 0-8 (!) mot Kaupanger, og tre lag var dermed likt med 6 poeng. Målskilnaden avgjorde at Kaupanger vart puljevinnar. Balestrand vart nummer 2. Dermed var kvartfinale sikra. Motstandar der var Sogndal 1.

Ein halvtime seinare var det avspark mot Sogndal. Ein kamp der Balestrand hadde dei største sjansane. men ballen ville ikkje i mål. Både Alette, Heidi, Hanne og Ingunn hadde gode sjansar som skulle vore omgjorde til mål. Linn tok seg av eit godt Sogndalsskot.

Utruleg nok gjekk ikkje denne ballen i målet bak Sogndalskeeperen

0-0 ved full tid, ga 3 minutt speleforlenging. Ingen av laga skåra mål no heller, og dermed var det klart for straffesparkkonurranse. Ei ny oppleving for våre jenter. Kven skulle ta straffene..? Ingen ville, men nokon måtte.

Sogndal skåra sikkert på si første straffe

Sogndal starta med skåring. Ingunn skåra. Sogndal skåra på sine neste to, og Ann Kristin og Alette gjorde òg jobben sin. Etter tre straffer, stod det altså framleis likt. Då skulle det skytast ei og ei. Linn fann ut no fekk det vere nok. Ho redda. Karita sette inn si, og dermed var Balestrand klar for semifinalen.

15 minutt pause fekk ein før semifinalen. Motstandar var nok eit Kaupangerlag. Denne gongen det nest beste laget med resten av 2. divisjonsspelarane. Kampen var ikkje særleg velspelt, men Kaupingane var det beste laget. Midtvegs i kampen kom skåringa som avgjorde kampen. Eit skot som Linn ikkje rakk å reagere på fauk inn. Balestrand gambla litt mot slutten, og flytte spelarar høgt opp. Dette ga Kaupanger store rom, men Linn tok seg av det som kom. Diverre ebba kampen ut med 0-1 tap, og game over.

Vanskeleg å koma gjennom Kaupanger sitt gode forsvar

Ingen bronsefinale vart spelar. Kaupanger vann finalen 1-0 mot Bremanger 1.

Ei flott og posistiv oppleving for Balestrandsdamene. Flott innsats av dei unge damene. Må vel seie at det er ein god prestasjon å koma til semifinalen. Og så slo vi Kaupanger...

Alette og Ingunn på veg mot mål

Følgande spelarar var med på KM:
Linn - Ann Kristin - Hanne - Heidi - Marte - Karita - Ingunn - Alette - Ragnhild

Neste oppgåve vert innandørs KM for aldersfastlagde lag, der ein stiller med juniorlag (som er dei same spelarane som no var med i senior KM). Seier i Førde Cup og semifinale no i senior KM, gjer at det er lov å håpe på meir suksess i februar!



Skrive av: Geir Harkjerr (03.12.07 - 00:18)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487815 besøk, sidan 18. juli 2005