Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damelaget i tøff KM-pulje



Vinnarlaget frå Førde Cup prøver seg i senior-KM
Foto:Geir Harkjerr

Laurdag er det full fart i Sognahallen i Sogndal. Innandørs senior KM vert spela. Balestrand stiller lag i dameklassa.

Balestrand sine damer er plassert i pulje saman med Kaupanger 1, Bremanger 2 og Førde.

Kaupanger veit ein kva står for. Bremanger vart krinsmeister i 3. divisjon, medan Førde slo vi finalen i Førde Cup for to veker sidan. Uansett vert det spennande.

Balestrand sine kampar i innleiande pulje vert spela slik
 KlokkaBane Heimelag  Bortelag

 1120

 3

 Kaupanger 1 Balestrand

 1415

 3

 Balestrand Førde

 1720

 2

 Balestrand Bremanger 2

Totalt 35 herrelag og 12 damelag skal kjempe om heder og ære. Herrane spelar 13 minutt kampar (5 lag i kvar pulje), medan damene spelar 18 minutt kampar (4 lag i kvar pulje).

Sluttspelkampane vert spela frå klokka 1830.

Ein oppmodar folket om å legge handleturen til Sogndal på laurdag, og kombinera denne med mykje god fotball i Sognahallen.

For meir informasjon kan sjå heimesida til fotballkrinsen http://www.fotball.no/sognogfjordane/



Skrive av: Geir Harkjerr (27.11.07 - 15:21)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487479 besøk, sidan 18. juli 2005