Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


God innsats av G 13 i handball



Arkivbilete
Foto:jarle

Søndag 25. november var det klart for to kampar mot Jotun. Dette er ein klubb med handballkompetanse som får amatørar i Balestrand til å gå til verket med avgrensa ambisjonar...



Balestrand - Jotun 2
Første kamp var mot Jotun 2. Sjølv om Balestrand starta med første målet kom Jotun lett til ved fleire høve utover omgongen. Lettbeinte Jotunspelarar finta seg gjennom gong etter gong på eine sida, medan ein lange kar hoppa høgt og sette inn fleire mål over våre heller små forsvarar på den andre kanten.

Så skjedde det noko som ville fått ein kvar trenar til å glede seg mykje. Først justerer spelarane i forsvar. Dei kjem ut og støter og låser opp skyttarane, og samarbeider på ein glitrande måte på alle gjennomløp og innspel. Brått avtek tempoet på måltavla til bortelaget. I andre enden av banen er det ein av våre som storkosar seg og briljerer. Kjell Andre prikkar inn skot etter skot og er den store forskjellen på laga. Når den gode dommaren bles til pause er det Balestrand som leiar med 3 mål!

I andre omgang følgjer laga kvarandre fram til 14 -11. Så kjem Jotun sigande.. Det breier seg ein viss nervøsitet i Balestrandlaget. Halvgode avslutningar vert redda og brått står det 14 -14 med berre 3 og eit halvt minutt att å spele. "No tek vi time-out seier Asgrim" der vi sit på benken - og så gjorde vi det. Eit minutt til å få ut litt nervøsitet og få attende speleglede gjorde susen. Plutseleg kom dei gode avslutningane igjen, og forsvaret vart tett. Tre verkeleg flotte mål til Balestrand i sluttminutta gjorde at Balestrand til slutt kunne juble over ein 17-14 seier i ein jamn og fin kamp.

Balestrand - Jotun 3
Etter ein time var det ny kamp, no mot Jotun 3. Med 6 av dei same spelarane var dette stort grad same laget som Jotun 2. Også i denne kampen var Balestrand godt med på notane. Men med Georg sjuk på tribunen, og spelarar som tydeleg ikkje hadde fått i seg nok mat i pausen, vart vi litt både litt uryddige og slitne utover i kampen. Sjølv om spelarane verkeleg prøvde, fekk Jotun relativ tidleg i kampen ein komfortabel leiing som held kampen ut til ein 15-10 seier. Det var likevel mykje positivt i denne kampen også. Jotun er trass alt eit godt lag!


Tommy deler keeperplassen med Andreas i dag der dei står ein omgang kvar i kvar kamp. Gjer mange gode redningar og bidreg sterkt til to gode resultat.

Andreas er vår 2. keeper. Han og Tommy er jamgode på keeperplassen. Også Andreas gjer mange gode redningar. Spesielt i 1. kampen reddar han eit par skot som er heilt avgjerande for utfallet av kampen.

Asgrim kom i dag til fleire flotte avslutningsforsøk, og det var berre uflaks at ikkje fleire ballar hamna i mål. Kjemper svært godt i forsvar sjølv om han er eit par år yngre enn dei fleste motstandarane

Knut tok spesielt godt tak i kamp nr. 2, og spelte fleire målgjevande ballar. Skaffa laget straffe som han sjølv sette i stolpen før Birk sette returen i mål. Jobba som vanleg godt i forsvar.

Viljar viste spesielt flott initiativ i 2. omgang i siste kampen, og vart belønna med scoring etter eit flott gjennomløp. Fekk vist litt av det han gjer på trening - spesielt at han har utvikla skotet mykje siste året!

Fredrik beveger beina svært raskt sidelengs i forsvar og er vanskeleg å komme seg forbi. Fleire gode initiativ framover. Litt justering i angrepsspelet så vil det komme mål i bøtter og spann framover.

Kåre Andre er den spelaren som utan tvil har utvikla seg mest det siste året. Kjempegod i forsvar og fekk vist fram litt av sitt gode skot frå bak på bana. Vart sliten på slutten av andre kamp etter mykje jobbing.

Georg spelte første kamp. La ned ein utruleg innsats i forsvar og putta nokre mål sjølv om han var sjuk, og ikkje klarte å spele kamp nr 2. Var nok utslagsgjevande for at vi ikkje heilt klarte å matche Jotun denne kampen.

Birk jobbar som vanleg utretteleg. Glitra i forsvar i første kampen, medan angrepsspelet satt betre i 2. kamp. Truleg dagens flottaste og kanskje viktigaste mål på gjennomløp i stort tempo, og med ei  millimeterpasning frå Kjell Andre på stillinga 15-14 til Balestrand i sluttminutta 1. kamp.

Kjell Andre spelte sin beste kamp nokon sinne i den første kampen! Scora tosifra og jobba godt i forsvar. Vart sliten utover i 2. kamp. Har utvikla seg mykje på det mentale med å vere konstruktiv og positiv - også når det buttar litt i mot. Balestrand sin beste i dag!

 

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (27.11.07 - 00:01)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487182 besøk, sidan 18. juli 2005