Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Juniordamene vann Førde Cup



Seieren er sikra, og då kan vi juble litt.
Foto:Geir Harkjerr

For andre år på rad vann jentene frå Balestrand Førde Cup, og sikra nok ein pokal til premieskapet.

Fredag kveld reiste vi frå Holmen med kursen for Førdehuset og Førde Cup. Som tittelforsvarar, var nok spenninga litt ekstra høg denne gongen. Ville vi klare å forsvare innsatsen frå året før?

Vel framme i Førde fekk vi med oss kampane til smågutane før vi vann vegen til Slåtten skule og overnatting der. Teikning og sosialt samver stod på agendaen resten av kvelden

Alette viste fram meir en fotballferdigheitene på Førde Cup

Laurdagen vart lang, og det var shopping og andre aktivitetar for at tida skulle gå fram til laget vårt skulle i elden. Vi fekk sett kampane til småjentene og mange andre flotte kampar.

Sidan Kalandseid hadde trekt laget, var det berre tre lag att i vår innleiande gruppe. Vi fekk difor ordna det slik at vi fekk spelt ein treningskamp mot Tjørvåg, som òg var i ei pulje med tre lag. Ein flott moglegheit til å koma i gang med turneringa. Balestrand vann enkelt 5-0 etter to mål kvar av Ingunn og Alette, og eitt av Heidi. Mykjer bra spel, men dette var berre trening...

Så kom alvoret. Klokka 2145 var Bergsøy motstandar. Ei særs svak forestilling av begge lag eigentlig. Dei første 7-8 minutta var berre surr, i hvert fall frå Balestrand si side. Utruleg at det kan skilja slik mellom to kampar! Bergsøy fekk putta balen i mål, og det vart ikkje noko betre spel fra Balestrand etter dette. Trass stolpeskot, og to kjempesjansar der Ingunn stod for åpent mål og sette ballen utanfor, vart det 0-1 tap. Skulle det vere Game Over før vi hadde begynt?

Bergsøy og Tertnes spelte tidlegare på kvelden 0-0, og det betydde at Balestrand i beste fall kunne gå vidare som beste toarlag.

Kampen mot Tertnes vart spela kl 2245 (!), og då var jentene våre vakne att. Ein solid 3-0 seier var fullt fortent. Ingunn, Karita og Heidi laga måla etter til tider godt spel. To av måla kom rett frå læreboka som vi har trena etter dei siste to vekene!

Så var spørsmålet om dette heldt til sluttspel. Nokre nervepirrande minuttar før finrekninga var klar og laga i pulja med fire lag vart rekna om og resultatet mot det svakaste laget vart stryke, stod jubelen i taket. Balestrand sine juniordamer var klar for semifinale som beste toarlag.

Alette er i ferd med å tre pasningen gjennom til Ingunn


Forsvaret hadde god kontroll bakover

Semfinala gjekk søndag kl 1340 mot Sunnylven. Ingunn putta to ballar mål, og det heldt til finale. Finaleplassen var aldri trua, og jentene spelte solid og godt. Særleg i forsvar fungerte ting svært bra.

Førde yppa seg på ein corner i finalen, men mål vart det ikkje

Finalen til juniordamene gjekk som den siste kampen av alle i turneringa. Førde var motstandar. Her òg vart det ein fortent Balestrandsseier, og jentene hadde god kontroll på Førdianarene. Ingunn og Ann Kristin sørga for måla som gav 2-0 seier.

Kaptein, Ann Kristin, mottek beviset på at seieren er sikra

Då var det berre å slå det fast. Balestrand hadde vunnet Førde Cup med juniordamene sine for andre året på rad. Når ein tek med at same laget, med fleire av dei same jentene, var tapande finalist i jenteklassa for tre år sidan, må ein vel seie at jentene har sett Balestrand IL på Førde Cup kartet.

Ingunn, Heidi, Karita, Sandra, Alette, Ann Kristin, Hanne, Amanda og Linn


Ann Kristin snakkar til folket i Sogn via NRK.

Godt jobba, jenter, og gratulerer med innsatsen!



Skrive av: Geir Harkjerr (13.11.07 - 10:18)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487382 besøk, sidan 18. juli 2005