Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


GILDE - CUP i Belehalli




Foto:eirik thue

Bil fekk som kjent tildelt 10.000,- kr frå Gildefondet.

Dette feirar me laurdag 3. november frå kl. 11.00 med gratis pølser til alle medlemmer i BIL, samt Gilde-grenda-cup.

 


Me vil denne dagen arrangere Gilde-grenda-cup i Belehalli.
Elevar frå 5.kl - 10. kl vert med dette oppfordra til å stille lag på grendacupen.
Reglar: Laget må innehalde 6 deltakarar frå same grend. Døme: Brattland, Fjærestad, Holmen, Bala, Øvre Sande, Vetlefjorden, Nessan etc.
Når ein legg saman alderen på deltakarane, må denne ikkje overstige 70 år.

Møt opp i Bele-halli denne dagen, for då kjem Gilde og deler ut gratis pølser til alle medlemmene i idrettslaget, også dei som ikkje er gamle nok, eller for gamle til å delta.
Still opp som heia-gjeng for laget ditt derosm du ikkje er med på eit lag sjølv.

Det vert ein Cup med mykje moro, med presse og kanskje tv-tilstades.

Du treng ikkje melde på laget ditt, møt berre opp i Belehalli laurdag 3.November kl 10.30.

OBS: MØT SJØLVSAGT I BIL- Utstyr.

Cupstart er kl 11.00.



Skrive av: Kjetil Nesse (28.10.07 - 22:01)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487179 besøk, sidan 18. juli 2005