Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Texas i Dale


Det vart reine Texas i Dale torsdag 18.oktober då Balestrand sitt smågutelag tok turen til sunnfjord for å spele sesongens siste kamp.

Ein sein oktober kveld pakka 15 smågutespelarar sekken med nasen vendt mot Dale og sesongens siste kamp. Temperaturen nærma seg ørsmå grader og når me nærma oss Dale viste gradestokken knapt ei grad. Det ville bli kaldt med andre ord! Då me ankom kampstaden gjekk diskusjonen i korleis bane kampen skulle spelast på. Litt feil informasjon sendte oss mot Ding(l)emoen før me fant ut at kampen skulle gå på kunstgras ved Dalehallen.   

Dommaren entra bana uvitande om at han unødvending skulle få øydelagt sjølvtilliten denne kvelden. Det var ein særs ung dommar, knapt eldre enn spelarane. Kveldens dommar blåste kampen i gong og det var klart for det som skulle bli eit reint Texas.  

 

Kveldens 11 utvalgte:  

Ole

Stian – Rainer – Lars Kjetil – Nikolai

 

Adrian – Lidal – Lønning – Andreas

 

Per Àki – Kim Andre  

På benken: Endre, Erlend, Kåre Andre og Kjell Andre. 

 

Etter knapt eit minutts spel viste Baletrand seg flott fram med å produsere ein stor trippelsjanse der Kim Andre, Lidal og Lønningen kombinerte flott, men klarte ikkje å skape nettsus. Dale ville vise at dei ikkje var noko dårlegare og unytta frekt eit dårleg tilbakespel i Balestrand forsvaret minuttet etterpå. Spissen til Dale takka fint og satte ballen sikkert i mål bak Ole som var sjanselaus.  

7 minutt var spelt då Kim Andre var frampå igjen og synte fram godfoten med eit godt skot få centimeter utanfor mål. Kim Andre var i form i dag såg det ut til. Det tok Kim i underkant av 15 minutt før han fann nettmaskene, med eit flott gjennomspel av Lønning satte Kim Andre ballen i lengste hjørne for keeper i verkeleg Henry stil og utlikna til 1-1. Dette var tydlegvis ikkje nok for scoringsmaskina til Balestrand som ville ha meir! På avsparket etter det første Balestrandmålet, tok Kim like godt og jobba inn att ballen og drog seg forbi 4 Dalespelarar og satte ballen i mål for andre gong på 20 sekund! Nydeleg utført scoring. Balestrand tok til å styre kampen etter at Dale hadde hatt det meste av spelet i byrjinga av kampen.   

 

Få minutt etter Kim scoringane drog Lønning til frå 20 meter og sendte ballen knallhardt mot mål og keeper kunne ikkje gjere anna enn å sjå at ballen strøyk utsida av stolpen og gjekk til utspark frå mål. Dalekeeperen såg til å vere letta. Lønningen derimot var mindre nøgd og var lysten på målet.   Då me hadde passert 20 minutt ut i kampen hadde Balestrand dominert i 15 minutt og var klart det beste laget! Lidal tenkte han skulle toppe det heile med eit skot som traff heilt heilt oppe i krysstanga og ut. Skotet hadde fortjent ein betre lagnad enn å ende opp som utspark frå mål.  

 

Dale såg slitne ut og Balestrand la seg noko bakpå. Det utnytta dei ikkje fullt så slitne Dalespissane og utligna til 2-2 på noko som var minst 5 meters offiside i følgje Balestrandtrenar Sondre Skrede. Ein forferdeleg dommaravgjering gjorde at Dale var tilbake i kampen. Men slik er fotballen av og til. Det er sånt som skjer.   

Like før pause får Adrian seg ein kraftig smell i låret etter ei grisetakling som kvalifiserer til direkte raudt kort og eit frispark, men det endte med frispark til Dale og ein Balestrandspelar måtte i garderoben og var uaktuell for resten av kampen.   

Kampen gjekk til pause på stillinga 2-2. Nokre av Balestrandspelarane var særs opprørte på grunn av nokre horrible dommarfeil og var illsinte på slutten av omgongen og i pausen. Me gjorde det me kunne for å ro dei ned!  

Andre omgong byrja med eit farleg Balestrandangrep der Kåre Andre som kom inn før pause var uheldig og satte like utanfor mål. På utsparket frå Keeper heada Lønning ut til Andreas som sendte i veg eit skot med utsida av høgre foten frå 25 meters hold ute på venstresida som keeper ikkje klart å halde. Kåre var sjølvsagt frampå, men var hardt pressa og fekk ikkje nok kontroll til å sende ballen i mål. Det var stort Balestrandpress dei første minutta i andre omgong.  

 

Det kokte i Dale denne kvelden då Stian fekk gult kort. Fleire Balestrandspelarar var illsinte og skjelte ut dommaren og oppførte seg dårleg. Sondre gjorde det han kunne gjere, men frustrasjonen til spelarane var så stor at dei konsentrerte seg berre om dei feila dommar gjorde og ikkje det bra dommaren gjorde.   Etter 40 minuttsspel sendte Lidal Kim Andre ut på ein løpetur på Dale sin banehalvdel som endte med at Kim sprang opp ballen og frå alt som var og gjorde det han var best til, scora i god gammal Henry stil. Stillinga var 3-2 til Balestrand. 

Leiing varte i små 10 minutt då eine Dalekanten tok ein ”Sundgot” og vippa ballen med seg med hånda og samtlege Balestrandspelarar ropte på hends, medan dommar gjorde ingenting og spelaren sendte ballen i mål. 3-3 var eit faktum og Dale skal seiast og vere særs heldige med den stillinga ettersom to av måla burde vore annulert.  

No fyrte Balestrandspelarane av alt dei kunne mot dommaren og oppførte seg usportsleg! Det var meir eller mindre kaos og Daletilskodarar slengte med kommentarar både til Balestrandspelarane og trenaren noko som fyrte berre meir opp under hos Balestrand. Sondre prøvde å halde roen med å be spelarane ro seg og truga med å ta dei ut av kampen om dei ikkje byrja å konsentrere seg om å spele fotball. Då dette gjekk opp for spelarane tok dei til å spele flott fotball med kontringsfotball og breidde.   

Klokka viste at det var 10 minutt igjen og stillinga var 3-3. Sondre eller Balestrandspelarane ville ikkje forlate Dale med mindre enn 3 poeng så gutane våre var nede i kjellaren og henta ut dei siste kjempekreftene som viste seg å vere avgjerande for kampen. På slutten tok Kristofferane (Lidal og Lønning) til Balestrand å kombinere saman. Først sendte Lidal Lønning gjennom der sistnemnde ikkje gjorde nokon feil og sendte Balestrand i leiinga 4-3. Kynisk Balestrandspel med å utnytte at Daleforsvaret sto høgt og opna bakrom som ga oss moglegheiten til å sende dei raskaste spelarane våre gjennom. Få minutt etter at me tok leiinga 4-3 var rollane omvendt for Lønning og Lidal, denne gongen var det Lønning som sendte Lidal igjennom som punktere kampen og gav Balestrand 3 poeng i sesongens siste kamp.  

Tross 3 poeng i dag på 5-3 siger var det langt frå godt nok. Me var for opptatt med å kjefte på dommaren i staden for å spele fotball. Det var usportsleg oppførsel og me øydela kanskje sjølvtilliten hjå den unge dommaren som sleit med å ha kontroll på kveldens kamp. Dalebefolkninga var lite nøgd med oppførselen og munnbruken hjå Balestrands unge og håpefulle. Dette blir no sett på som eit problem og vil bli tatt opp på treningar og utover vinteren!   

 

Spelarvurderingar: 

Ole: Keeper og høgreback i dag. Står i mål i første omgong og står greit utan dei store problema. Spelar høgreback for Stian som forlet bana med forstua arm. Gjer ein god kamp i dag! Viser at han ikkje berre kan stå i mål.  

Kjell Andre: Står ein særs god andre omgong i mål og er kongen i feltarbeid og på strek. Han viser at han har kome seg i feltarbeidet i haust og er med å avgjere kampen med å nekte Dalesjansar innanfor 16 meteren.   

Rainer: Stoppar i lag med Lars Kjetil. Er usikker i byrjinga av kampen, men spelar seg flott inn i kampen og spelar meir og meir solid mot slutten. Leverer ein god kamp!   

Lars Kjetil: Byrjar som stoppar i dag, men er med framover på det han kan som vanleg. Er ei klippe i forsvar og nektar det meste å sleppe igjennom og styrer forsvaret med jarnhand. Offsidelinja er nydeleg og kan lure det meste av angrep. Spelar særs bra i dag. Pådrar seg eit særs unødvendig gult kor for kjefting på dommaren.  

Nikolai: Venstreback i dag. Slit litt etter overgongen frå stoppar. Men spelar ein brukbar kamp, men er lite med framover for å sikre bakover i staden. Noko usikker med venstrefoten.  

Stian: Omskulert frå sentralmidtbane til høgreback og leverer varene særs godt på sin nye posisjon! Er tøff i duellane og mykje med framover. Får eit gult kort i andre omgong med ei heilt nødvendig takling og er heilt greit. Blir felt stygt mot slutten av kampen og er uheldig som forstuar handa og forlet kampen. Spelar særs godt i dag!   

Andreas: Venstrekant i dag og er litt usikker i byrjinga, men spelar ein av sine beste kampar. Er mykje med framover og bakover i dag. Har eit kanonskot i byrjinga av andre omgong. Fantastisk kamp i dag!   

Lønning: Kongen på midten i dag og har eit mål og to assist. Noko sint på dommaren i dag, men spelar solid. Få feil i dag og er farleg frampå fleire gongar. Ein av dagens beste!   

Lidal: Kjem litt i skuggen av Lønning, men er grov arbeidaren som startar fleire angrep og slår gode ballar. Er betre mot slutten av kampen og spelar bra. Scorar og sikrar Balestrandsiger heilt på tampen av kampen! Bra kamp i dag!   

Adrian: Tilbake som kantspelar og på favorittposisjonen. Spelar bra i dei 30 minutta han får før han blir stygt skada og sendt ut av kampen. Spelar særs bra i den perioden han er på bana. Er med på mykje av det som skjer framover på bana og hjelp til bakover. Uheldig som blir sendt ut av kampen før pause.   

Kim Andre: Superspissen. Spring og jobbar på alt som er! Scorar tre fantastiske mål og er ein av dagens profilar! Spelar uforutsigbart i dag og Daleforsvaret slit med å temme unge Marifjæren i dag. Har ein kanonkamp i dag! Må vere dagens beste utan tvil!   

Per Àki: Spiss i lag med Kim Andre. Er betre i dag enn på lenge. Klarer seg særs godt i dag sjølvom han spelar mot ein Dalespelar som er eit par hovud høgare. Får seg ein smell i hovudet i slutten av første omgong og er litt svimmel resten av kvelden. Er meir tilretteleggar i dag enn avsluttar som han vanlegvis er. Ein god kamp i dag!   

Endre: Spelar kant i dag og har mykje å fare med. Slår gode innlegg og skapar mykje trøbbel for Dalebacken. Slit noko fysisk mot større Dalespelarar, men hentar seg flott inn att med å vere raskt opp i dei når han forsvarer og er kjapp i beina når han angrip. Bra kamp!   

Kåre Andre: Sesongbeste! Spelar både spiss og kant i kveld. Får avslutta fleire gongar og har 3 store moglegheiter, men det ville seg ikkje og han vart ståande utan mål i kveld. Står fram i dag og viser seg fra si beste side. Klarer seg bra. Farten hans gjer han særs farleg når han får rommet å springe i. Som sagt, sesongbeste og ein av dei betre i kveld!   

Erlend: Spiss. Jobbar og er i alle duellane han skal vere med i. Kombinerer med flott med Endre og opnar rom for medspelarar. Bra kamp i dag! Får diverre ikkje brukt det kraftige og harde skotet sitt i dag. Men er god og trekk med seg forsvarar og opnar rom for medspelarar.  



Skrive av: Sondre Skrede (21.10.07 - 22:23)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487455 besøk, sidan 18. juli 2005