Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Mari og Mathilde uttekne på sonelaget


Mari og Mathilde er to av i alt 16 utespelarar som er uttekne til sonelaget, team Sogn J93.

 

3. oktober var 27 jenter kalla inn til uttakssamling til sonelag på Kaupanger si kunstgrasbane. Mari og Mathilde gjorde sakene sine så pass bra at dei kvalifiserte seg til sonelaget, team Sogn J93.Jentene skal vere med på to treningar på Kaupanger 10. og 17. oktober. 26.-28. oktober vert det treningshelg. I tillegg vil det verte fleire treningar i november/desember. Så vert det sonelagsturnering i Florø 3. november, Eid 24. november og Sogndal 15. desember. 

Dermed vert det ein travel fotballhaust for jentene. Dette er først og fremst kjekt for jentene, men og for heile treningsgruppa ettersom Mari og Mathilde forhåpentlegvis tek med seg masse nyttig erfaring og lærdom tilbake til gruppa. Me gratulerar jentene og ønskjer dei lykke til.



Skrive av: Alf Høyrem (07.10.07 - 10:58)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487423 besøk, sidan 18. juli 2005