![]() | ||||
![]() |
![]() DM i friidrett i Aurland
Det var ein handfull gutar som representerte Balestrand i Aurland under årets DM - og så ei dame langt opp i 40-åra som ikkje kunne dy seg..
Balestrand stilte med ein liten, men talentfull tropp.Tor Tjugum, Fredrik Hanevik, Mons Ese Hoel og Mattias Krokum stilte i klassa gutar 11-år. Her vart det mange gode prestasjonar og også fleire medaljar med heim i bagasjen. På 60-meteren vart det 3-dobbelt Balestrand! Birk Isane og Viljar Bakke Nesse stilte i 12 årsklassa. Dei var nok mest nøgde med 600-meteren der begge sette ny pers med 5-6 sekundar. Så var det dama då. 15,3 på 100meteren er ikkje ny pers (den er vel 30 år gamal) - men tida var meir enn god nok til å vinne eit par veddemål på jobben... Alt i alt var det ein svært nøgd gjeng som kom attende til Balestrand utpå søndagskvelden. Det er utvilsamt eit stort potensial i denne gjengen og også mange som ikkje vart med denne gongen. Ei av utfordringane for fridretten er nok å få med flere vaksne som kan vere med som trenarar og leiarar. Kriblar det i piggane er det berre å ta kontakt!
|
|||
Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4691382 besøk, sidan 18. juli 2005 |