Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Sesongavslutning på Kreklingen for damene




Foto:Geir Harkjerr

Balestrand tok leiinga 1-0, men måtte så seg slått til slutt av den suverene avdelingsvinnaren, Høyang.


For andre gong i haust laga Balestrand mål først. Ei svak tversoverpasning vart snappa av Alette. Ho la pasning tilbake til Ingunn som plasserte ballen i mål frå cirka 20 meter. Ingunn si sjuande skåring i år. Det var spela berre 9 minutt, og Balestrand hadde fått ei flott opning. Jentene var gode dei første 20 minutta, og Høyang vart kjempa ut av stilen.

Hanne spelte ein ny god kamp på venstreback

Utlikninga kom etter 21 minutt. Det "smålukta" av offside. men la gå. Aleine med Bjørg sette Høyang ballen i mål. Bjørg debuterte frå start som keeper sidan Linn måtte stå over grunna raudt kort sist kamp. Bjørg klarte seg veldig bra. Med god rekkevidde plukka ho fleire skot og innlegg.

Balestrand hadde berre 11 spelarar å mønstre til kampen, og då Sandra måtte gje seg med leggskade 9 minutt før pause, måtte laget spele resten av kampen med 10 spelarar.

Bjørg var noko uheldig etter 37 minutt spel. Eit langskudd, som det verka som ho enkelt skulle plukke ned, glapp ut av hendene og i mål.

Mot slutten av omgangen pressa Høyang kraftig på, og to gonger var Ann Kristin på eigen strek og redda forsøk på å sette ballen i mål. 1-2 til pause var greit nok.

Flotte speleforhold på Kreklingen med flomlys

Etter 50 minutt auka Høyang leiinga til 3-1 etter personleg feil i BIL sitt midtforsvar. Silje small ballen i tverrliggaren med eit flott frispark etter 56 minutt. det var desverre ingen Balestrendingar til å ta seg av returen.

Høyang auka til 4-1 etter 61 minutt etter nok ein stor feil i BIL-forsvaret. Siste halve timen var prega av mykje rot frå begge lag, og to minutt før full tid sette Høyang inn sluttresultatet.

Det må òg nemnast at Høyang vart avblesen heile 23 gongar for offside!!! Ein offside til, og vi hadde hatt nok til ein heil julekallendar.

Ein skal aldri vere heilt fornøgd når ein taper, men Balestrandsjentene viste god moral og arbeidsinnsats. Dei klarte seg bra med ein spelar mindre i over ein omgang. Høyang er suverene seriemeistrar, med berre eitt tap og resten seier. Ein sterk prestasjon, og vi ynskjer Høyang sine gode damer lukke til i sluttspelkamp og krinsmeisterskapet, og ein eventuell kvalik til 2. divisjon.

Balestrand stilte med dette laget:
Bjørg Kristine
Marte - Ann Kristine - Heidi - Hanne
Ragnhild - Silje - Ingunn - Sandre
Alette - Amanda

Dagens Balestrandsspelar: Alette Dale



Alette viste gode takter, og det måtte fleire Høyangspelarar til for å stoppe ho





Jentene hadde planlagd ein liten gest til Balestrand sin trenar, som alltid går i ei "kledelig" T-skjorte, men valte å avstå frå ein eventuell provokasjon då ei av spelarane til Balestrand akkurat hadde opplevt eit dødsfall i nær familie. Men jentene poserte likevel til ære for fotografen, og viste fram sine pene slanke mager. (Biletet og teksta er henta frå Høyang si heimeside. Bilete og tekst av Kjetil Hov)



Skrive av: Geir Harkjerr (04.10.07 - 15:21)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487451 besøk, sidan 18. juli 2005