Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene med sterk bortekamp




Foto:Alf Høyrem

Småjentelaget spelte 5-5 mot Sogndal 2 i ein fartsfylt og utruleg spanande fotballkamp der jentene viste høg moral ved å kome tilbake etter å ha lege under med to mål to gongar.

Kampen vart spelt på Hafslo og det var vertane frå Sogndal som kom best i gong. Heimelaget hadde før denne kampen ikkje gjeve frå seg poeng heime mot andre enn sitt eige førstelag. Dei var farleg frampå fleire gongar med skot i stolpen etter fem minutt. Etter berre ti minutt stod det 1-0 etter dårleg forsvarsspel av bortelaget.

Fem minutt seinare la dei på til 2-0. Også denne gongen var det lite imponerande forsvarsspel.  Oline og Karina var imidlertid farleg frampå. Oline kom åleine med keeperen to- tre gongar men klarte ikkje å putte. Balestrandjentene overtok imdlertid meir og meir og begynte å kjempe om kvar ein ball og vann fleire duellar. Frå det 30. til det 32. minutt sette endeleg Oline sjansane sine åleine med keeper etter to nydelege framspel av Martina. No var jentene på hogget og kunne gå til pause med 2-2. 

Andre omgong var ikkje før starta før laget frå høgskulesenteret gjekk opp til 3-2. Og berre fem minutt seinare auka dei leiinga til 4-2. Det var no jentene verkeleg viste kva som bur i dei. I staden for å gje opp, kjempa dei alle som løver om kvar ein ball. Jofrid viste veg med steintøft og  råbra spel på venstrebacken, men og andre viste at dei både tørr og kan gå i duellar. Innsatsen gav resultat. Igjen var det Oline som var frampå med to scoringar etter mykje godt spel og fine pasningar av lagevenninnene. Dermed 4-4 og jentene frå perla ved Sognefjorden var med i kampen igjen.

Men gleda var kortvarig. Igjen var det jentene frå Sogndal som scora etter at ei klarering i Balestrand sitt forsvarsfelt gjekk i medspelar og landa i føtene på ein Sogndalsspelar som fekk ein enkel jobb med å score. Forbaska uflaks. Men, Balestrand nekta å gje seg. Og utruleg nok. For femte gongen denne kvelden sette Oline ballen i mål. Dei siste minutta var ulideleg spanande. Balestrandjentene hadde dei fleste sjansane, men Sogndal var og farleg frampå. Difor heilt greitt at kampen enda 5-5. Sjølv om forsvarsspelet var litt rufsete i denne kampen var det utruleg sterkt av jentene å kome tilbake og klare uavgjort. Dette var kanskje den beste bortekampen jentene har spelt denne sesongen. Spesielt kjekt å få til ein slik god prestasjon i den siste kampen for sesongen.

Dermed ble jentene nr. 3 i serien av i alt 9 lag (Sogndal 2 vart nr. to).Jentene har scora 46 mål på 16 kampar, nest mest i serien.Ein skal ikkje fokusere for mykje på resultat, men me synast at jentene har gjort ein kjempegod prestasjon. I spelargruppa, som består av 16 spelarar, er det fleire fine talent. Det er veldig motiverande å sjå den store framgangen mange av jentene har hatt sidan me starta treninga i januar. Det beste med denne gruppa er likevel at dei er særs flinke til å møte på trening. Det har difor vore eit privilegium, saman med Eirik, å få lov til å vere trenar for denne gruppa denne sesongen. Stor takk og til Åge som har vore ein dyktig oppmann for laget. Sjølv om utesesongen no er over held treninga fram ut over hausten. Laget skal delta i Førde cup i midten av november. Me skal og ha ein skikkeleg avslutningsfest for jentene. Det fortener dei.



Skrive av: Alf Høyrem (04.10.07 - 08:58)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487156 besøk, sidan 18. juli 2005