Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillegutane kjempa som løver




Foto:

Lillegut 12 møtte Kyrkjebø på Kreklingen siste kampen denne sesongen.
Lillegutane frå Kyrkjebø er ein sympatisk gjeng som har vist fin framgang denne sesongen. Det fekk vi erfare sist gang vi møtte dei på grasbana på Kyrkjebø tidlegare i haust. I pøsande regn vart vi sende heim med 1-5 i sekken. Men denne ettermiddagen var sola nett gått ned etter ein strålande dag, og det var flotte forhold for fotball. På tribuneplass var det trongt om plassen og god stemning allereie lenge før dommaren bles kampen i gang.

I starten var Balestrandgutane litt avventande - som vanleg. Kampen vippa litt fram og tilbake uten at nokon av laga klarte å etablere flyt i spelet eller spele seg fram til dei heilt store sjansane. Kyrkjebø er hakket betre og skaper etter kvart eit par gode sjansar, ein av dei i stolpen! Gradvis kjem Balestrand inn i kampen. Pasningane byrjar å sitte betre, ikkje minst fordi spelarane utan ball beveger seg lurare og er lettare å spele til. Første målet kjem på ei langskot frå Håkon. Førte målet til Håkon i Balestranddrakt i serien - og då var gleda stor! Resten av omgangen rulla Balestrand opp med fleire fine angrep. Viljar heldt fram med det gode spelet frå sist kamp, og leverte den avgjerande passninga då Birk smalt inn 2-0 målet på direkten frå 8-10 meters hald.

Etter kvilen kjempa gutane som løver. Forsvaret med Knut, Bas og Roger stod svært godt, og alle bakerst hadde Tommy ein stor dag i målet. Håkon hadde fått blod på tann, og best av alt, funnet ut kvar målet stod. Med sitt andre for dagen stod det 3-0. Men Kyrkjebø gav ikkje opp. Med mange friske bein reduserte dei til 3-1 og laga ny spenning i kampen. Men Balestrandgutane nekta å gje frå seg initiativet, og trilla opp flotte angrep med stor intensitet. Det forløysande målet kom etter eit flott raid ned på sida av Birk, og innlegg som Eirik sette med venstra i tverliggaren og ned i mål. Kjempemål! På sidelina var det stor stemning og flott heiing. Sjølv om Kyrkjebø fekk enda ei redusering og sluttresultatet vart 4-2 la ikkje det nokon dempar på den gode følelsen.

Slitne gutar fekk velfortent applaus, klapp på skuldrane og sjokoladekake i kiosken.


Bas og Knut, to av gutane som har vist god framgang denne sesongen
Foto:arne Abrahamsen



Skrive av: Arne Abrahamsen (02.10.07 - 23:43)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487126 besøk, sidan 18. juli 2005