Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene fekk bank av Syril




Foto:Alf Høyrem

Småjentene tapte heile 7-1 mot Syril heime på Kreklingen etter at Syril sin spissjuvel fekk herje fritt mot eit tamt heimelag.

Syril opna best og etter eitt kvarter var ei av våre jenter uheldig og sette ballen i eige mål i duell med Syrstrendingane. Sjølv om Syril berre fem minutt etterpå gjekk opp til 2-0 var det enno god tid for jentene til å hente inn leiinga. Dei produserte tre megastore sjansar i løpet av omgongen som alle burde ha vore omsett i mål. Men, det ville seg ikkje. Nærast var Karina med eit stolpeskot i slutten av omgongen. 

Andre omgang var knapt i gong før Syril sitt spisstalent begynte å leike seg. Våre jenter fekk aldri ordentleg tak i henne. Enten scora ho sjølv eller serverte medspelarane på gullfat. Ein litt for passiv keeper var og med på å gjere oppgåva enkel.Sjølv om Karina reduserte ein gong for Balestrand, kunne mannen i svart notere heile 7-1 til Syril på dommarkortet sitt etter endt kamp. 

Me var på førehand klar over at Syril hadde med superstjerna si i denne kampen, slik ho og var det i vår då laga møttast,  sjølv om ho til vanleg spelar    smågutelaget. Resepten var å hindre gjennomspel til henne. Men, med dårleg press på ballførar og joggetempo av fleire av heimelaget sine spelarar, måtte det gå gale. Gong på gong fekk midtbana til Syril all den tid den trengte til å slå opp på spissane (en) sine. Framover på bana produserte jentene frå perla ved Sognefjorden ein del sjansar også i andre omgong, men det ville seg berre ikkje denne gråe haustkvelden. Med betre innsats av jentene burde dette ha vore ein heilt jamn kamp. Bortekampen i vår enda for øvrig 5-5!  

Dette var siste heimekampen for jentene. Synd med ei slik dårleg avslutning, men jentene har trass alt vunne seks av åtte heimekampar denne sesongen. Dei fleste med god margin. Så er det berre å gløyme kampen fortast mogleg. Ikkje noko blir så fort historie som ein fotballkamp. 

No vert det samling i botn før siste kamp for sesongen komande tysdag borte mot Sogndal II som er det nest beste laget i serien. Då får me sjå kva som bur i jentene. Dersom det skal verte poeng med heim frå høgskulesenteret, må i alle fall jentene vise heilt andre takter enn i denne kampen. Tema for neste trening vert i alle fall ”førsteforsvarar sine oppgåver”.



Skrive av: Alf Høyrem (27.09.07 - 14:57)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488694 besøk, sidan 18. juli 2005