Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Fint spel mot Høyang




Foto:Arne Abrahamsen

Sjølv om det vart tap leverte lillegut 12 truleg årsbeste mot Høyang.

 

 


Lillegut 12 møter gode motstandarar i sin mini-serie. Høyang har eit solid lag med mange gode einskildspelarar. Dei speler til tider god fotball og svært gode på dødballar. Fokus må difor i stor grad rettast mot prestasjonar i spelet, og sjølvsagt det å få eit hederleg resultat.

Denne torsdags ettermiddagen klarte vi det vi har trent på heile sesongen - i store delar av kampen! For det starta begredeleg. Etter 10 minutt leia Høyang 3-0... Alle måla på dødball og med tafatt spel frå vår side. Også framover var det lite å skrive om - så skribenten avsluttar del 1 der.

Men plutseleg skjedde det noko. Forsvarsspelet fikk sett seg og alt virka plutseleg solid og bestemt. Viljar spelte sin beste kamp nokon sinne på høgre back, og bidro i tillegg svært positivt framover på bana. Det som var aller kjekkast å sjå var at laget fekk til eit konstuktivt og positivt passningsspel mot eit så god lag som Høyang. Balestrand var fullt på høgde med Høyang i resten av omgangen og rulla opp fleire gode angrep. Til pause stod det 2-4!

Andre omgang heldt fram der 1. omgang slutta. Fint spel og mange gode sjansar. Høyang fekk rett nok enda eit enkelt mål på dødball tidleg og eitt til på slutten når vi satsa litt ekstra framover. På trass av mange gode sjansar klarte Balestrand berre å putte eitt mål i 2. omgang.

Men 3-6, og ikkje minst prestasjonane, er vi godt nøgde med!


Frå heimekampen mot Høyang i vår
Foto:Robert Leerink



Skrive av: Arne Abrahamesn (25.09.07 - 22:10)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487792 besøk, sidan 18. juli 2005