Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Nytt eittmålstap




Foto:Geir Harkjerr

Nytt eittmålstap, raudt kort og i det heile tatt vart resultatet av den utsette heimekampen mot Jølster søndag kveld.


Endeleg fekk BIL-damene føle korleis det er å skåre mål først! Ingunn raida fram på høgresida og smelte til med storslegge etter berre 10 minuttar spel. Ei kjempeskåring frå hjørnet av sekstenmeteren. Litt mot spelets gang, sidan det var Jølster som kom best i gang.

Balestrand tok meir og meir over utover i omgangen, og laget spelte tidvis god fotball. Mange flotte kombinasjonar med to gode avslutningar etter godt etablert spel på Jølster sin banehalvdel. Jølster var gode på overgangar, men Linn sette effektivt stopp.

Så, etter 26 minutt, fekk Jølster corner. Dødballar i ferd med å verte eit lite mareritt for Balestrand. Mange av baklengsmåla i år har kome nettopp på corner og frispark imot. Linn redda den første avslutninga, men hadde ikkje sjans når skot nummer to var fyrt av. Mykje folk inne i feltet, men det er for svakt å ikkje få avklart skikkeleg og vere skikkeleg på hogget på returane.

Berre minuttet etter stod det 2-1 til bortelaget. Jølster kom altfor lett gjennom på på venstresida. Innlegget var perfekt tima inn i boksen. Der var det fritt for Balestrandsspelarar, men desverre to Jølstringar. Det vart ei enkel oppgåve å sette ballen i mål. Svakt forsvarsspel, jenter!

Ingunn, Silje Totland og Hanne i fint driv på veg "heim"

Idet domaren bles til pause, fekk Alette ein smell i foten, og ho måtte ha ti minutt lenger pause en dei andre. Anne Maren kom inn for ho.

2. omgang var prega av mykje duellar på midtbana. Jølster gjekk sigrande ut av altfor mange. og særleg på dei såkalla andreballane var Balestrandsdamene ofte på etterskot. Ingunn fekk ein smell i hovudet og måtte desverre ut med 20 minutt att å spele.

Begge lag hadde to målsjansar kvar i 2. omgang, men det vart ikkje fleire mål denne kvelden i regnveret på Kreklingen. Dermed var nok eit eittmålstap i haust eit faktum.

Litt dramatikk vart det 7 minutt før full tid. Ein Jølsterspelar kom seg fri i bakromet, og vart møtt av ei utrusande Linn på cirka 19 meter. Linn og Jølstringen kolliderte, domaren bles, raudt kort var vist fram, og Linn måtte tusle av bana med damelagets første raude kort...

Noko strengt dømt, sjølv om domaren sikkert kan forsvare kortet. Det som var dumt, var at han bles idet kontakten mellom spelarane var der, og han viste ikkje tendensar til å vurdere ein fordel. Jølsterspelaren vart rett nok sett litt ut av ballanse, men ho datt ikkje, og ballen hadde ho framleis i føtene. Ein kan ikkje vite sikkert, men truleg hadde ho skåra dersom domaren ikkje hadde blese, og det hadde trass alt vore betre. Bjørg Kristine tok over for Linn i mål.

Balestrand stilte med følgande lag frå start:
Linn
Marte - Ann Kristin - Heidi - Hanne
Ragnhild - Ingunn - Silje Totland - Sandra
Alette - Bjørg Kristine

Amanda, Anne Maren og Silje Thorsnes kom alle inn.

Dagens Balestrandsspelar: Sandra Hjønnevåg

Sesongens siste kamp for damene vert heime på Kreklingen mot serievinnar Høyang. Denne kampen vert spela onsdag 3. oktober klokka 1900. Vel møtt då folkens!



Skrive av: Geir Harkjerr (24.09.07 - 17:44)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487771 besøk, sidan 18. juli 2005