Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Balestrand - Gaular


Smågutane tok i mot Gaular på ei våt kunstgrasbane sundag 23.sept.

Det endte med overlegen 6-1 siger til Balestrand sine håpefulle!


Etter eit knepent og uheldig tap for Dale i midtveka såg gutane endå meir tente ut enn nokon gong. Dette skulle dei vinne! Me skulle snu trenda og vise at me er best!

Dagens 11ar:

Kjell Andre

Jonakim – Nikolai – Rainer – Kent

Georg – Lars Kjetil – Lønning – Lidal

Adrian – Kim Andre

Som de kanskje ser stilte me med eit særs offensivt og godt lag i dag. Taktikken var å skape flest mogleg sjansar og score flest mogleg mål.

Det tok litt tid før kampen kom i gong på grunn av mangel på dommar. Sportsleg som han er stilte Terje Midttun modig opp i Balestrandgensar, og plukka opp fløyta for å dømme kampen.

Dommar blåste kampen i gong og me var raskt ute med å produsere store sjansar. I løpet av dei første 5 minutta har me 5 STORE sjansar som kunne fort vore mål. Alle sjansane kjem frå innlegg. Anten så heada gutane eller la igjen til kvarandre og spelte kvarande gode. Spelet satt som aldri før og gutane såg ut til å storkose seg ut på ei våt bane.

Etter 7 minutt så ruvar nettsusen utover Kreklingen. Kaptein Lars Kjetil setter inn dagens første etter ein flott gjennomspelspasning frå Kim Andre. Men det tok ikkje lang tid før me skulle byrje å skjelve i buksene. Gaular var farleg frampå etter at ein stygg stuss i på det våte underlaget gjer at ballen snik seg under Kjell Andre som stormar ut og kastar seg for å ta ballen. Heldigvis er Rainer vaken og spring opp ballen og kastar seg etter ballen og for avverga på strek. Flott innsats av Rainer.

 

I det 12. minutt slår Adrian ein vidunderleg krosspasning som Kim tar flott med seg, men er uheldig og missar ballen litt for langt framom seg som gjer at skotet endar i nettveggen. Like etter utsparket frå Gaularkeeperen tar Lønning ned ballen og slår ballen ut til Georg som slår eit av mange flotte innlegg. Adrian får sjansen, men headar like over mål.

 

2-0 kom etter eit bra innlegg frå Adrian som er ferdigscora omtrent som Lønningen breisidar elegant i mål. Dette skjedde i det 18. minutt. Det tok ikkje mange minutta før me skapte nok ein stor dobbelsjanse. Keeper må gje retur etter eit hardt skot frå Lars Kjetil og Kim Andre plukkar opp returen og sender den i stolpen. Hittil hadde Kim hatt ein uheldig dag på ”jobben”. Minuttet etter dobbelsjansen fekk Lønningen ballen på 18 meter etter mykje klabb og babb i Gaularforsvaret etter ein corner, Lønningen kliner til og sender ballen sikkert og hardt nede i venstrehjørne. Vakker scoring av midtbanedynamoen vår!

25. minutt Stian er farleg frampå i sitt første angrep etter han kom inn som back. Stian går høgt opp på ein corner frå Georg og sender ballen like utanfor krysset. Stor sjanse! 5 minutt etterpå får me tonnevis med cornerar og alle er brukbare sjansar, men me manglar det lille ekstra som sender ballen i mål.

 

I det 35. minutt sender Lars Kjetil av ei kanon frå 10-11 meter etter nok eit innlegg. Lars Kjetil dunkar ballen i tverrliggar og inn. Klassescoring dette og frå dagens kaptein! Det var det siste som skjedde før pause.

 

I pausen gjekk praten på om å fortsette å produsere sjansane så kom måla etterkvart. Det sto 4-0 til pause.

Andre omgong fortsatte der første omgong slutta. Det var stort sett eit lag utpå bana og det var oss, Balestrand! Det var einvegskøyring i første omgong og såg ut til å bli det no og. Adrian var lei av at berre dei sentrale midtbanespelarane skulle score og tok saken i eigne hender. Etter eit flott frispark på 22 meter frå Lønning som Gaularkeeperen må gje retur på dukkar Adrian opp og sender ballen sikkert i mål frå kort hold og sender oss i 5-0 leiing.

 

Me fortsetter å produsere sjansar og spelar vanvittig bra fotball! Kampen i dag viser kor godt me kan spele fotball og det var kanskje den beste kampen me har spelt i år om vi ser på det spelemessige. Etter 38. minutt synest Georg at det var litt for kjedeleg å berre slå innlegg heile tida og sender av gårde eit knallhardt skot rett på keeper. Heldigvis for Gaularkeeperen hadde han god nok reaksjon til å få flytte opp hendene og ikkje endte opp på sjukehus med kraniebrot og verre er. Så hardt var skotet til Georg. Skikkeleg kanon! Uheldig at det ikkje blei scoring.

 

Kampen gjekk inn i ein stille periode no, heilt fram til litt over ein times spel. Me hadde spelet og var klart det dominerande laget! Lars Kjetil hadde ei flott dragning og kom seg fri like før timen var spelt, men sendte skotet over mål. Når me var nådd 65 spelte minutt var me litt for ukonsentrerte på markeringane og ein Gaularspelar slapp igjennom det elles så pottetette forsvaret vårt og sendte ballen noko heldig i mål bak Ole som vokta buret i andre omgong. Ei sur scoring å sleppe inn.

 

På overtid satte Lars Kjetil ballen i mål etter eit strålande angrep der me hadde alle ledd involvert. Ballen gjekk frå keeper til back, så frå back til sentralmidtane som sender ballen ut til Adrian på venstrekant som slår eit flott innlegg der Lars Kjetil dukkar opp og sender ballen knallhardt i mål på den siste ballberøringa i kampen.

 

I store delar av kampen var det kun eit lag på bana og dette var ein fullfortjent siger til smågutane. Me kunne hatt mange fleire mål, men er godt nøgde med dagens kamp ettersom det var vår beste kamp spelemessig sett. Flott kamp gutar! Me skal fortsette slik! All heder og ære til våre håpefulle som syner at dei kan spele minst like fin fotball som Barcelona og Brasil!

Spelarvurderingar:

Bakken: Står første omgong i mål. Gjennomfører ein grei kamp utan dei største problema. Har ein liten uoppmerksam hending, men hentar seg bra inn. Lite å gjere.

Ole: Står andre omgong i mål. Har fint lite å gjer på, men er fint ute og reddar eit par gonger utanfor 16 meteren når forsvaret var litt på bærtur. Slepp inn ei noko uheldig scoring. Ein glipp på konsentrasjonen frå heile laget. Kan ikkje klandrarst for målet.

Jonakim: God i dag. Sikker i det meste og gjer ein flott figur både som back og stoppar i dag!

Nikolai: Byrjar kampen som særs sikker, men blir noko meir usikker utover i kampen. Ellers veldig bra, gjer stort sett alt riktig i dag når han først er sikker på det han gjere. Bra kamp! Leverer varene som stoppar!

Rainer: Strålande kamp i dag! Reddar laget meisterleg  då han fekk redda på strek. Er sikker i det meste han gjere og spelar sikkert. Er og med framover!

Kent: Flott med fram i dag. Litt meir offensiv enn det han har vore tidlegare. Bra kamp! Skjedde ikkje så mykje på sida hans i dag. Full kontrol på Gaularvingen.

Georg: Supre innlegg i dag! Gjer ein strålande kamp! Ein av dagens beste. Slikkar kantlinja som vanleg og herjar med Gaularbacken. Likar seg i slike kampar såg det ut som!

Lars Kjetil: Dagens kaptein og scorar hat-trick med 3 kanonmål! Dagens klart beste spelar! Fantastisk innsats. Spelar sentralmidtbane med Lønning og dannar ein solid midtbaneduo som er vanskeleg for motstandarane å kome forbi. Strålande kamp i dag og viser at han like godt kan spele midtbane som stoppar!

Lønning: Scorar 2 flotte mål og spring og spring. Ein av dei som spring mest på laget. Jobbar bra og er med fram og bak på bana. Midtbanedynamo med kraft i beina! Glimrande kamp i dag!

Lidal: Ligg litt i skuggen av Georg med tanke på kantspelet og får ikkje inn rytmen i spelet sitt. Likar seg betre som sentralmidtbane enn venstrekant. Men sportslig nok av han så gir han seg ikkje og leverer ein ok innsats i dag. Pøser på med arbeidskraft, men fell noko i skuggen av Georg. Mykje av spelet foregår på andre kanten.

Adrian: Mykje bra i dag! Arbeidande spiss i dag. Er nede og hentar ball og slår som vanleg mange vanvittig bra ballar! Har blant anna 3 assist i dag og eit mål! Dannar kanskje ligaens farligste radarpar i lag med Kim Andre. Veldig bra kamp!

Kim Andre: Får ikkje scora, men spelar Lars Kjetil gjennom med to høve og bør vere nøgd med innsatsen i dag. Spissane fungerte mest som tilretteleggjerar for midtbanespelarane i dag. Spring på alt som er og likar å trekkje med seg stopparen ut til backen før han rundar begge to! Litt uvenn med ball i dag når han set fart. Er viktig på topp!

Per Àki: Var nær på å få ballen gjennom med eit par høve og blei dømt for offiside. Ein av lagets beste avsluttarar innanfor 16 meteren, men får for lite sjansar til å vise det fram i dag. Han er eit år yngre og har mykje å lære på eit år. Slit noko fysisk i dag og, men det stoppar han ikkje i å knuse Gaularstopparen i nokre av duellane! Bra kamp!

Kåre: Back i dag. Klarer seg veldig bra og slepp lite forbi seg. Flott med framover og! Har god kontroll på sida si gjennom heile andre omgong og viser at han har trent godt i sommar. Spring opp fleire Gaularspelarar med sin store fart! Veldig bra kamp!

Andreas: Byrjar bra, men fell litt utover kampen. Fungerar som to-veis kantspelar i starten og hjelper til nedover like bra som framover. Ser ut til å like seg betre på kant enn som spiss. Blir litt anonym mot slutten av kampen og ser litt sliten ut, elles ein solid kamp!

Stian: Back i dag. Ikkje noko å prike på i dag. Ein av dei betre i dag. Er mykje med fram og er tøff i duellane bak. Solid spelt! Har til og med fleire målsjansar og har all grunn til å vere nøgd med kampen. Kanskje sesongbeste?

 



Skrive av: Sondre Skrede (23.09.07 - 19:06)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488687 besøk, sidan 18. juli 2005