Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Kaupanger vann fullt fortent




Foto:Geir Harkjerr

Ein dårleg kamp, mange personlege feil, og eit fortent tap borte mot Kaupanger onsdag kveld.

40 sekund var spelt då ein kjempeglipp i forsvaret serverte Kaupanger ballen på 8 meter. 0-1 før minuttet var spelt vart resultatet.

Ingunn hadde ein kjempesjanse 2 minutt seinare. Ho pressa ein Kauping mot eige mål, snappa ballen frekt, og skaut like utanfor.

Ikkje så mykje meir å seie om den første omgangen. Mykje rot frå begge lag, og ingen av laga skapte målsjansar som fekk pulsen til å stige på nokon av benkane.

Om mogleg starta 2. omgang enda værre. 15 sekund var spelt då Kaupanger auka til 2-0. Og då hadde endå til Balestrand avsparket. Ei oppspel vart kontant send tilbake frå Kaupangerforsvaret, og datt ned i bakromet. Forsvaret hadde framleis pause, g det vart enkelt for Kaupingen aleine mot Linn.

Ny forsvarstabbe etter 60 minutt gjorde at Kaupanger auka til 3-0. Både Ann Krisitn og Ingunn vart skada og måtte ut for ein liten pause. Utan fleire friske innbyttarar, fortsette jentene kampen med 9 spelarar.

Etter 72 minutt vart Alette snytt for straffe då ho vart dytta ut av ballanse idet skotet skulle avfyrast.

Alette reduserte til 1-3 etter 77 minutt. Ho sleit seg gjennom på høgresida, og la ballen i ein elegant boge over ein utrusande keeper. Alette sitt fjerde mål på tre kampar.

Fem minutt før full tid sette Kaupanger inn sluttresultat etter ein liten keepertabbe. Linn slengde seg ut i feltet for å plukke eit skot, Ballen for mellom hendene og rett i føtene til ein umarkert motstandar, som då fekk ein enkel jobb.

Ein rufsete kamp som det ikkje var så mykje positivt å ta med seg. Verkar som laget har fått ein kollektiv svikt no mot slutten av sesongen. Haustkampane før og fleire av vårkampane har vist at laget har stort potensiale, og marginane har ikkje vore på BIL si side. No var det heilt greit, og fult fortent at det vart tap.

Hovudsakleg skuldast nok dette alt for mange personlege feil. I tillegg fungerer ikkje samspelet, og då vert det vanskelg.

Balestrand stilte med følgande lag:
Linn
Marte - Heidi - Tonje - Heidi
Ragnhild - Ann Kristin - Silje Totland - Sandra
Alette - Ingunn

Sandra måtte ut etter berre 8 minuttar etter ein skikkeleg smell i hovudet. Anne Maren kom inn for ho. Bjørg Kristine kom inn for Anne Maren etter 32 minutt. Anne Maren kom inn igjen for Tonje som måtte ut med strekk i lysken etter 37 minutt.

Dagens Balestrandspelar: Silje Totland

Neste kamp for damene er heime på Kreklingen førstkomande søndag (23. september) klokka 1700.



Skrive av: Geir Harkjerr (21.09.07 - 09:52)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487415 besøk, sidan 18. juli 2005