Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Balestrand - Dale


Smågutane tok i mot Dale på Kreklingen onsdag 19.9.Gutane var villige til å reise kjerringi frå måndagen, då me tapte for Kaupanger.

Dagens 11ar:  

Kjell Andre

Trygve – Lars Kjetil – Nikolai – Kent

Adrian – Stian – Lidal – Georg

Andreas – Kim Andre 

På benken: Ole, Endre, Jonakim, Erlend og Per Àki.

 

Taktikken var å spele mykje ball langs bakken og spele hos ut av situasjonar i staden for å klinke ballen opp. Me ville holde på ballen og slite ut Dale for me veit me har betre kondisjon enn dei fleste laga i serien.  

Kampen byrja i det små med to lag som treng 3 poeng. Ingen ville ta unødvendige sjansar. Det var mykje jamne duellar og spel. Spelet var stort sett på midten der det var mest langpassningar og ikkje fint kort passningsspel som me ønskjer å spele. Gutane såg meir gira ut i dag enn dei har gjort på lenge! Me var bestemt på å reise oss frå tapet for Kaupanger. Ettersom spelet fortsatte fekk me eit lite overtak og produserte nok sjansar. Dale var ikkje heilt ufarlege og hadde nokre halvsjansar så Bakken fekk kontroll over. Ca 10 min ut i kampen slår Lidal ein av mange flotte cornerar og i midten ventar Lars Kjetil før han stig høgt til vers, men klarer ikkje heilt å få kontroll på headinga så det blir sånn noko lunde. Ikkje lenge etterpå var Lars Kjetil framme på nytt, på nok ein corner frå Lidal. Denne gongen treff Lars Kjetil betre, men allikevel ikkje heilt reint og slår den over mål. Den største sjansen så langt!  

Det tok 20 minutt før Kim fekk sin første sjanse som han like godt satte i mål. Målet kom på ein flott ball frå Lars Kjetil der Dale stopparane slit med kommunikasjonen og Kim snappar den og scorar sikkert. Nydeleg scoring. Det tok ikkje mange minutta før Dale svara. Etter 25. minutt kom utlikninga. Dalespissen får gå og gå heilt inn til keeper der han sett ballen sikkert i nota og sørger for balanse i reknskapen så langt. Me er for feige i presset og blir straffa kraftig for det!   

Omgongen var ikkje over og Lars Kjetil var nok ein gong framme på ein corner og headar ballen knallhardt mot mål som keeper og forsvar nett så vidt klarer å få unna før den hamnar i mål. Uflaks!  

Like før pausen skjer det som ikkje skal skje. Ein uheldig Bakken bommar litt på ballen og sleivar nok til at ballen akkurat får nok skru til å skru i eige nett. Bakken spring alt han kan for å prøve å avverge, men rekk det ikkje. Me skal ikkje klandre Kjell Andre for målet. Det kan skje med kven som helst! Var berre rein uflaks!  Stillinga til pause var 1-2 til Dale. I pausen gjekk praten på å vere tøffare i duellane og prøve å få spelet til sitje betre.  

3 minutt ut i andre omgong kom Dalespissen åleine igjennom til Ole som kom inn i mål i pausen og set den i mål. Me ligg under 3-1 på heimebane mot eit lag me lett kan slå og bør slå! No flytta me Lars Kjetil opp på midtbana og Adrian opp som spiss i håp om meir trykk framover.  

Gutane får med ein gong etablert eit høgare press framover og me pressar Dale bakover på bana. No låg Dale med 10 mann i eigen 16 meter omtrent heile tida. Me eigde dei på bana sjølv om resultatet ikkje viste det. Etter 50 spelte minutt kom det me venta på, Kim var igjennom på ei kontring etter flott ball frå Lars Kjetil nok ein gong. Kim gjer ingen feil åleine med keeper og set den iskaldt i lengste hjørne. Nok ei klassescoring frå Kim Andre. Me reduserte til 3-2 og fortsatte presset. Alt som var av Balestrandspelarar var med framover utanom keeper og stopparane som passa på den eine Dalespelaraen som ikkje låg i eigen 16meter.  

Ti minutt ut før slutt får Dale ein gylden moglegheit til å gå opp til 4-2 på ein heading 5 cm utanfor. Nokon av gutane våre vakna skikkeleg og ga alt på slutten. Lars Kjetil måtte ut med krampe blant anna. Samtlege spelarar begynte å gå tom for saft i låra. Det tar på å spele i kaldt regn ver! Presset fortsatte kampen ut, men me klarte ikkje bruke det godt nok til å utlikne og kampen endte med 3-2 siger til Dale. Noko som kan kategoriserast som ufortjent! Me lovar at me skal ta dei på bortebane seinare i haust og gje dei ein ordenteleg kalddusj!  

Spelarvurdering 

Bakken: Står bra i starten på kampen, men dett noko unødvendig på hælane og mistar litt fokus. Uheldig på scoringane, kan ikkje klandrast for 2-1 målet! Kan skje den beste.  Bra kamp!

Nikolai: Sesongbeste og det som stoppar. Nikolai sluttar ikkje å imponere og gjer ein særs sterk kamp som stoppar!  

Lars Kjetil: Dagens kaptein og dagens mann. Slår flotte ballar og spring til krampa tar han. Jobbar og slit og fortjente meir i dag. God med ball og eit supert overblikk skapar flotte sjansar for Kim og andre medspelarar! Slo begge ballane som Kim scora på.  

Kent: Noko usikker med presset, men får alltid ballen vekk når det trengst. Gjer ein bra kamp!  

Trygve: Bidrar mykje offensivt og gløymer kanskje nokon av dei defensive oppgåvene han har som back. Men mykje bra i dag! Hadde nokre flotte raid framover og kombinerte bra med Georg på venstresida.  

Stian: Grov arbeidar i dag og står for mykje av duellarbeidet og blir noko skjult i dette. Veldig god på slutten av kampen og bidrar flott framover!  

Lidal: Sluttar der han slapp sist. Midtbaneterrier med god teknikk og slår gode ballar. Kjem godt til syne i dag og ser ut til å trivast i slike kampar. Veldig flott cornerar! Høg klasse i dag og.  

Andreas: Byrjar som spiss og endar opp på kanten. Trivast betre på kant der han får meir rom å springe i langs kanten. Er flott med! Bra kamp! Har det lille ekstra på lager som ikkje kjem heilt til synet i dag.  

Georg: Litt for anonym i byrjinga av kampen og det ser ut til at Trygve jobbar langs heile sida. Men spelar seg som vanleg vidunderleg inn i kampen i andre omgong og er med på det meste som skjer framover på bana. Flott avslutning på kampen.  

Kim Andre: Spring eller møter på alt som er. Scorar to flotte mål og fortjener bra med ros i dag! Ein super innsats! Solid kamp! Får mykje bank av den storvokste Dalestopparen.  

Per Àki: Prøver og prøver, men slit også i dag mot større fysiske stopparar. Skal ha for at han prøver! Får ikkje brukt avsluttareigenskapane sine i dag. Per er kanskje den beste avsluttaren me har når me er innanfor 16 meter, men får ikkje nok moglegheiter i dag. Uheldig.  

Ole: står andre omgong utan å gjere mykje feil. Fekk ei hand på 3-1 målet, men måtte gje retur som Dale scora på. Elles bra kamp! Ute å plukkar stort sett det meste som kjem i mot han.  

Endre: Debuterer i haustsesongen etter mykje plage med sjukdom og skader. Gjer ein solid jobb på høgrekant og er med på alt som  skjer framover i store delar av kampen. Flott kamp etter mykje fråver.  

Adrian: Byrja som kant, blei etterkvart både sentralmidtbane og spiss. Jobbar og slit som vanleg. Best som sentralmidtbane og spiss i dag. Hjelp Kim mykje når han er framme og har god kontroll på midten når han er der. Fungerte som ballfordelar når han er på sentralmidtbane. Mange gode ballar. Gjer ein bra kamp i dag og!  

Jonakim: Litt ”Jonaldinho” i dag og, men er sikker i alt anna han foretar seg. Har den nødvendige roen når han er med framover. Flott kamp i dag som back. Blei flytta inn som stoppar etterkvart. Utgjer eit bra stopparpar med Nikolai. Noko feig i enkelte duellar. Bra kamp!  

Erlend: Kjem inn som spiss i andre omgong og vil vere der det skjer. Ligg og luktar på offsiden og er spillesugen. Gjer ein god innsats! Vart ingen straffespark i dag der Erlend er sjølvskriven som straffetakar! Er bombesikker på straffar. Gjeld å jobbe framover, ein kan klare alt om ein vil det nok!



Skrive av: Sondre Skrede (19.09.07 - 22:13)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488626 besøk, sidan 18. juli 2005