Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Eittmålstap - nok ein gong




Foto:Geir Harkjerr

For tredje gong i haust gjekk damelaget på eittmålstap. Jølster vann 3-2 etter ein svak men spennande kamp.

Damene har vakna til no i haust og fått tilbake trua på det ein held på med. Det var imidlertid ikkje så mykje som tyda på det søndag då turen gjekk til Skei.

Eit noko utriveleg ver med regn og våt og tung grusbane la ramma rundt to lag som ikkje skapte all verda.

Jølster tok leiinga etter 8 minutt. Kjempetabbe i midtforsvaret der mellom anna Ann Kristin kunne ha avklara fleire gonger. I staden for vart ein ståande å sjå på at ballen spratt heilt til ein Jølsterspelar fann ut at ho like godt kunne ta ballen. Avslutning frå om lag 5 meter. Linn var nok heller ikkje heilt på hogget her.

Etter 10 minutt gjorde Ingunn ein flott jobb framover på høgresida. Ho slo inn til Alette som tverrvenda på sektstenmeteren og klinte ballen vakkert i mål. Nesten identisk med skåringa hennar mot Sogndal.

Jølster var farleg frampå etter 27 minutt, men skaut over frå kort hald.

Klokka passerte 45 minutt, og begge laga såg fram til pause. Jølster utnytta ein ny tabbe i midtforsvaret 1 minutt på overtid, og kunne gå til pause med 2-1 leiing.

2. omgang vart òg ein jamn omgang. Jølster hadde flest avslutningar utan at dei fekk nettkjenning. Alette skåra sitt andre mål etter 54 minutt. Ho tok seg fram langs sekstenmeterstreken og mot dødlinja. Frå skrått hald, sette ho ballen vakkert i mål.

Avgjerda kom då 66 minutt var spelt. Noko som eigentleg ikkje var ein sjanse enda i mål. Eit innlegg frå høgre hamna i fanget på Linn på fremste stolpe. Av ein uforståelege grunn datt ballen ut av hendene til Linn og inn til 3-2 for Jølster.

Herifrå og ut var det mykje kjemping på midtbana. Jølster var klart best i denne perioden. Hovudsakleg skuldast dette at midtbana til Balestrand dreiv med heilt andre ting en det dei skulle. Dårleg press og altfor stor avstand gjorde at Jøster fekk kontrollen på midten, og derifrå fekk mata angrepsspelarane med ballar så godt som upressa. Jølster vann totalt sett fortent. Ikkje fordi at dei var spesielt mykje betre en Balestrand, men fordi dei ville mest og skåra eit mål meir en BIL-damene. Det var spennande heilt til slutt, og med litt meir flaks og dugleik, kunne ein fått med poeng heim.

Forsvarsleddet hadde heller ingen god dag på jobben. Alt for mykje personlege feil, skapte unødig mange nestesjansar. Linn hadde heller ikkje dagen, sjølv om ho eit par gonger viste fram vanleg standard.

Anne Maren debuterte på høgre midtbane, og viste at ho har stor duellstyrke og kan verte ein nyttug spelar og oppspelspunkt.

Søstrene Kråvik sleit med host og snufs, og var òg eit stykke unna det som er vanleg. Alette lagar to flotte mål, men skaper ikkje så mykje ut over det. Heidi vaknar når ho siste tjue minutta vert flytt ned so  stoppar. Då vert det orden i forsvarsleddet. Hanne kjem best frå det, og jobbar hardt og godt.

Balestrand stilte med dette laget frå start:
Linn
Marte - Ann Kristin - Tonje - Hanne
Silje Thorsnes - Silje Totland - Heidi - Ragnhild
Alette - Ingunn

Bjørg Kristine kom inn for Silje Thorsnes etter 36 min. Anne Maren kom inn for Bjørg Kristine etter 53 minutt.

Ei svak kollektiv  forestilling av damene denne gongen. Kanskje ei av svakaste heile sesongen. Allereie i kveld, onsdag, får ein sjansen til å vise betre takter. Då er det Kaupanger som står på motsett banehalvdel.

Dagens klart beste Balestrandsspelar: Hanne Sukkestad

 



Skrive av: Geir Harkjerr (19.09.07 - 09:39)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488729 besøk, sidan 18. juli 2005