Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Så tapte småjentene



Før kampen mot Yes frå Zimbabwe under Norway cup
Foto:Alf Høyrem

Småjentene tapte 2-1 mot Bjørn på Gaupne stadion måndag ettermiddag. Laget frå Balestrand var ikkje til å kjenne att etter to gode heimekampar førre veke.  

Nok ein gong viste jentene langt dårlegare spel borte enn heime på Kreklingen.Jentene frå Gaupne ville mest i denne kampen og vant stort sett alt av duellar.

Allereie etter 10 minutt gjekk Bjørn opp til 1-0 etter tafatt forsvarsspel av Balestrandjentene der dei ikkje klarte å klarere ballen inne i feltet. I denne omgangen produserte jentene knapt ein sjanse. Andre omgong starta slik den første hadde slutta med eit markant Bjørnepress. Etter 10 minutt gjekk det gale igjen. Også denne gongen var det tafatt forsvarsspel med dårlege avklaringar inne i feltet som førte til at Bjørn sin spelar fekk god tid til å sikte inn skotet frå kort hald. Bjørn var farleg frampå fleire gongar og kunne lett ha auka leiinga. Jentene frå perla ved Sognefjorden produserte få sjansar også i annan omgong. Aggressive spelarar frå Bjørn fekk god tid på midtbana til å ta imot ballen og sette fart framover der det stadig var fleire medspelarar på løp framover.

10 minutt før slutt fekk endeleg Oline ballen innanfor motstandarene sin 16 meter. Som vanleg utfordra ho motspelar, og for tredje gong denne sesongen vart ho felt og fekk straffespark. Straffa sette Martina knallhardt i mål.Dermed vart det litt meir fart i jentene i sluttminutta. Dei klarte å sette press på motstandarane og fekk 4-5 hjørnespark på kort tid. Men jentene vakna for seint, og kampen ebba ut utan at dei klarte å score. Dermed ein fortent siger til Bjørn sine jenter.

Det er heilt tydeleg at jentene leverer klart dårlegare prestasjonar på bortebane enn heime på Kreklingen. I fleire kampar denne sesongen har dei hatt problem mot lag på bortebane som dei rundspelar  heime. Her har jentene eit stort forbetringspotensiale. Neste kamp vert tysdag  25. september heime på kunstgraset på trygge, gode Kreklingen stadion.



Skrive av: Alf Høyrem (18.09.07 - 16:10)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488690 besøk, sidan 18. juli 2005