Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Syril - Balestrand


Syril – Balestrand      3-0

 

Me tok turen inn til Syrstrond for å møte Syril som me slo 3-2 heime på Kreklingen i vår. Kampen gjekk på grusbana.


Dagens 11ar:  

Ole 

Jonakim – Lars Kjetil – Rainer – Kent

Adrian – Lønning – Lidal – Andreas

Kim Andre – Per Àki 

Kampen byrja med eit høgt Syril press. Det tok dei i underkant av 5 minutt før dei fekk hol på den kortvarige byllen og gjekk opp i 1-0 ledelse. Syril forsvaret slo ein lang ball opp mot spissparet sitt som var i overtal mot vårt forsvar og drilla rundt med dei før dei satte sikkert ballen i nota, med ein frekk tunnel på Ole.  

Det tok ikkje lang tid før gutane våre svara med eit varselskot frå Lønningen som fekk vendt opp på ca 22 meter og dundra ballen like utanfor målet til Syrilkeeperen som sto og såg på. Forsvaret vårt satt ikkje som ynskja og ga Syril fleir moglegheiter, men ein god Ole hindra dei og slo mange forsøk til corner. Etter ca 15 minutts spel gjekk Syril opp til 2-0 etter eit godt gjennomspel der eine Syrilvingen fikk all verdens med tid og satte ballen sikkert i mål bak Ole med ein stygg lobb. Lønningen var frampå igjen og prøvde å redusere med nok eit lang skot, men det ville seg ikkje. Ballen gjekk på feil side av tverra. Me ville ha meir kraft framover så me pusha Lars Kjetil opp på midten for å vinne duellar.  

Det var ein tøff midtbanekrig som var jamn og tung for dei fleste. Før 30 min var gått la Syril på til 3-0 etter mykje ”klabb og babb” på vår 5 meter der ein Syrilspelar får servert ballen i fanget og enkelt kunne trille ballen i mål til 3-0. Me var for feige i duellane og Syrilspelarane fekk gå for lenge med ballen i beina. Det er uvisst om det var det harde underlaget som gjorde at spelarane ikkje ville takle eller om det var noko anna. Men bra var det i allefall ikkje!  

Første omgong var ikkje berre elendigheit. Me hadde mange gode gjennomspel til Kim og nokre flott løp av Adrian og gode ballar frå vår midtbane. Det ville ikkje vår veg og kampen ebba ut til pause med Balestrand som det angripande laget.  

Før pause kom Georg inn for ein sliten Per som sleit mykje med fysikken i dag mot storvokste Syrilstopparar. Nikolai kom inn for Rainer som sleit mykje i forsvar og var for feig i duellane. Ikkje ein av hans beste kampar så langt.  

I andre omgong opna me friskast med eit høgt press og der me vann dei fleste duellane på midten. Lidal jobba på spreng på midten og var ein solid terrier. Lønning var ballfordelar og slo gode ballar framover. Me skapar nokre halvsjansar og nokre store sjansar på eit gjennomspel til Kim, eit flott skot av Adrian og med Lidal som var like før han drog seg i gjennom. Det skulle ikkje masse til før det hadde stått 3-3 i boka. Gutane skjønte dette og jobba på. Men som sagt, det ville seg ikkje og andre omgong fortsatte berre der første slutta, med eit høgt Balestrand press der me ikkje fekk utnytta moglegheitene fullt ut. Gutane slo for usikre passningar til tider og var litt for feige i duellspelet mot storvokste Syrilspelarar. Midtveis i andre omgong går Adrian ned for telling etter ei stygg stempling på innsida av låret, midtbanekrigen hadde krevd sitt første offer. Kåre kom inn som kaptein for Adrian og gjorde eit veldig godt innhopp.  

Syril skapte lite i andre omgong og offsidefella vår fungerte betre og betre. Men uheldigvis blåste dommaren av kampen og me fekk ikkje dei nødvendige reduseringane me hadde håpa på og var gode nok til. Det endte 3-0 til Syril.  

Spelarvurdering 

Ole: har flotte redningar, men noko uheldig på scoringane. Viser stor kapasitet i feltarbeidet.  

Kent: Sikker som banken i 1 mot 1 situasjonar og jobbar bra!  

Nikolai: Gjer ein grei innsats, men slit i store delar av kampen med lyske plage og er redusert pga det. Noko uheldig. Kan så mykje meir når han er friskmeldt. 

Trygve: Jobbar og jobbar, gjer mykje grov arbeid og dukkar alltid opp på rett plass til rett tid. Noko heldig i duellspelet.  

Rainer: Slit i forsvaret i dag etter ein tidlege smell, men jobbar seg fint inn igjen.

Lars Kjetil: Klippe både i forsvar og på midten. Skulle vore med litt meir framover på bana, men likvel ein av dei betre i dag.  

Kåre Andre: Spring opp og ned sida som ein villmann. Jobbar bra og har flott raid langs kanten. Er mykje inn og ut av bana, men gjer eit solid innhopp som kaptein midtveis i andre omgong.  

Andreas: Best som spiss i dag. Vil få slutt på måltørken og viser stor kapasitet, men noko feig i duellspelet. 

 Adrian: Kaptein, jobbar og slit for laget. Får ikkje all den hjelpa han fortjener og treng. Har mange gode løp og avleveringar. Uheldig og blir skada.  

Georg: Klassisk kantslikkar, slår gode ballar og syner god teknikk i andre omgong. Betre andre omgong enn første. Spelar seg fint inn i kampen. 

Lønning: Dagens ballfordelar. Gir seg litt for enkelt i nokon duellar, men hentar seg fint inn med tunge løp opp og ned bana. Syner han har mykje krutt i beina ved fleire anledningar.  

Lidal: litt anonym første omgong, men er terrier i andre omgong og vinn det meste av duellar på midten både på bakken og i lufta. Slår gode ballar og er mykje med framover. Dagens beste!  

Erlend: Gjer eit flott innhopp som spiss og slår gjennom medspelarar fleire gonger. Har bra mottak på ei dårleg bana, var mange som sleit med mottaka i dag, men ikkje denne karen.  

Per Àki: Jobbar og slit fysisk, men glimtar til ved nokre høver og viser han har noko å gjere i smågutefotball sjølv om han er 2 år yngre enn dei eldste.  

Kim Andre: jobbar på alt som er og spring fra det meste, men har ikkje dagen og blir litt for mykje bom. Uheldig! Slit med mageproblem og spelar kun ein omgong.

 



Skrive av: Sondre Skrede (17.09.07 - 23:40)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488666 besøk, sidan 18. juli 2005