Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene med ny sterk heimesiger



Venting på buss - Norway cup
Foto:Alf Høyrem

Småjentene slo Årdalstangen 3-1 på Kreklingen stadion torsdag. Etter spel og sjansar burde imidlertid sigeren ha vore langt, langt større.

Laget frå Balestrand var klart best i den første omgangen. Dei klarte likevel ikkje å kome opp på same nivået som i kampen mot Aurland berre to dagar tidlegare, og var tydeleg litt utlada. Det var påfallande mange bommar og feiltreff i denne omgangen. Det tek på å spele kampar så tett. 4-5 store sjansar i denne omgongen burde likevel ha gjeve fleire mål enn Karina si fine scoring då ho forserte flott på venstre side og la ballen til side for Årdalstangen sin svært gode keeper. Årdalstangen produserte få sjansar, men kunne ha score etter ein gedigen sjanse. Mathilde var imidlertid fint med og fekk klarert til corner før ballen trilla over målstreken. Dermed 1-0 til pause. 

I andre omgang vart det meir driv i jentene. Dei køyrde på framover og var gong etter gong igjennom åleine med Årdalstangen sin keeper. Men Årdal sin fantastisk gode keeper var som ein blekksprut og redda alle forsøka. Kor mange gongar dei var åleine med keeper er underteikna litt usikker på, men meiner det var seks gongar. I tilegg fekk Balestrandjentene eit korrekt idømt straffespark då Oline vart felt åleine med keeper. Men, også straffesparket klarte Årdal sin keeper å redde. Her har Årdal fått fram eit stort keepertalent. 

Alle som har spelt fotball eller har sett mykje fotball veit korleis det ofte går når eit lag pressar utan å klare å score mål, nemleg at det i staden er motstandaren som scorar. I eitt av sine få angrep klarte sjølvsagt Årdal å score. Dermed 1-1, og det var spelt nesten 20 minutt av omgangen.Men, jentene haldt fram med å angripe, og endeleg lyktast det Oline å lure ballen i mål bak Årdalskeeperen  i n`te forsøk.

Berre nokre minutt seinare la jentene på til 3-1 etter at ballen trilla i mål etter ein duell der Oline, ein Årdal-forsvarar og keeperen til Årdal var involvert. Litt uklart om det var sjølvmål eller om ballen gjekk via foten til Oline. Same det. Dermed kunne jublande jenter innkassere seier nr. fire på fem kampar denne hausten. Jentene har vunne seks av sju heimekampar denne sesongen, og heng enno med i kampen om andreplassen i serien.

 Dette var ein skikkeleg jobbesiger der alle var med og drog lasset, spesielt i annan omgang. Likevel eit lite ekstra pluss denne gongen til Brita som fekk vist at det bur mykje fotball i henne.  

Allereie måndag er det ny kamp borte mot Bjørn. Dersom de vil sjå jentene spele denne sesongen, har de berre ein sjanse att. Jentene speler nemleg sin siste heimekamp mot Syril 25. september kl. 18.00.



Skrive av: Alf Høyrem (14.09.07 - 13:50)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488629 besøk, sidan 18. juli 2005