Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene utklassa Aurland




Foto:jarle

Småjentene overbeviste stort då dei slo Aurland 5-0 på Kreklingen. Dermed fekk jentene revansje for det forsmedelege tapet inne i Aurland i vår.

 

Småjentene, som for første gong spelte i sine kvite reservelagsdrakter, (stor takk til Åge som har skaffa draktene) tok raskt kommandoen. Allereie etter 9 minutt gjorde Oline det meste sjølv då ho scora sikkert frå kort hald.Mål nummer to kom berre få minutt etterpå. Denne gongen var det Oline som var regissør. Ho sette fart på høgre sida og det flotte innlegget ekspederte Mari i mål frå kort hald. Vakkert jenter, vakkert.

Oline fekk gleda av å legge på til 3-0 seinare i omgangen etter flott gjennomspel av Lisbeth.Dermed 3-0 til pause etter stor Balestrand dominans. 

Også i andre omgang hadde jentene frå perla ved Sognefjorden full kontroll. Etter om lag 10 minutt av omgangen viste Martina fram storslegga og banka ballen i mål frå nesten 20 meter. Karina, som endeleg fekk sleppe til etter eit lengre skadefråvær, fekk æra av å fastsette sluttresultatet til 5-0 etter at ho var på rett plass foran mål slik gode spissar skal vere. 

Det var mykje å glede seg over i denne kampen. Forsvaret hadde stålkontroll ved sikkert og ikkje minst klokt spel. Midtbana hadde mange flotte gjennomspel. Når så arbeidsinnsatsen var god over heile linja, fekk jentene vist at dei er eit skikkeleg godt småjentelag som kan spele god fotball. Det kanskje mest gledelege er at det no er fleire av jentene som beveger seg fint utan ball, og som har utvikla speleforståinga kraftig i løpet av denne sesongen. Allereie torsdag er det ny heimekamp når Årdalstangen kjem på besøk på Kreklingen.   

Mykje ros til Lars Kjetil som dømde kampen. Lars Kjetil gjorde knapt ein feil, og fekk vist at han og er eit talent med domarfløyta.



Skrive av: Alf M. Høyrem (11.09.07 - 21:42)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487192 besøk, sidan 18. juli 2005