Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Balestrand COOP - Snarøen




Foto:

Balestrand - Snarøen       2-0
Etter mykje regn på austlandet var det opplett og klar for første kamp i Norway Cup for smågutane. Formiddagstimane før kampen gjekk med til å gjere seg kjent på Ekebergsletta og få i seg noko mat før kampen. Spente foreldre og spelarar satte seg på bussen til Rustadfeltet for første kamp.  

Laget som starta i 4-4-2 formasjon:

 

 Ole

Jonakim, Rainer, Lars Kjetil, Kent

Adrian, Stian, Lønning, Lidal

Andreas, Kim Andre  

 

Spenninga såg me att i kampen der guttane spelte med høge skuldrar og eit stressa spel. Utover i omgongen fekk me roa spelet og rulla den langs bakken og brukte breidda slik me har spelt i vår-sesongen. Snarøen fulgte spelet vårt godt i byrjinga og gjorde det vanskeleg for oss å spele vårt spel. Me skapte få sjansar, medan Snarøen var farleg frampå nokon anledningar. Godt keeperspel og forsvar gjorde ein god jobb med å halde nullen. Fleire av spelarane gjekk ned for telling etter tøffe duellar, blant anna Adrian som blei skada og såg resten av kampen frå sidelinja før han reiste på feltsjukehuset med det som truleg var ei forstua tå. Då kaptein Adrian forlot bana, datt spelet litt og ingen tok føringa for Balestrand. Det tok litt tid før Lønningen viste seg fram med nokon varselskot og begynte å dominere på midtbana slik me har sett han gjere i sesongen. Mot slutten av omgongen var Snarøen nær ved å gå i leiinga etter litt klabb og babb i vår eigen sekstenmeter. Snarøen slo ein lang ball som forsvaret vårt ikkje fekk skikkeleg kontroll over så ein Snarøen spiss var kjapt frampå og spelte ut Ole og hadde omtrent tom kasse då 3-4 forsvarsspelarar heiv seg inn i taklingar og fekk redda på strek. No skjønte Balestrand gutane at noko måtte gjerast og dei tok tak og skapte sjansar.   

Etter ein kort team-talk der tema var som Skreden seier sjølv: ”Tøffare i duellane, så vinn me ballen, vinn me ballen, skapar me sjansar, skapar me sjansar får vi mål!”, gutane viste vår-sesong takter styrte spelet meir og meir.  Sjanse på sjanse kom utan at me fekk uttelling for det. Det vart skapt store sjansar, blant anna då Kim Andre fekk ein god ball frå midtbana og satte den i tverrliggar på volley og små feilberegningar på ballen så me bomma på både ball og mål. 6-7 minutt ut i omgongen satte Kim Andre ballen i nota på ein retur frå keeper etter eit godt skot av Per Àki. Me var i føringa og hadde full kontrol på kampen. Lidal ville og vise kva han var god for og satte like godt ballen nede i lengste hjørne frå 18 meter med ein kald avslutning forbi keeper. Etter litt bytting av spelarar der me flytta Lars Kjetil opp på midten, blei me snytt for eit klart straffespark etter at ein spelar frå Snarøen meide Lars Kjetil ned. Me fortsatte presset utan å score fleire mål, men drog sikkert i land den første sigeren på Norway Cup 2007.   

Dagens beste var Lønning. Innsatsen og viljen til å vinne kamp var avgjerande og han dominerte midtbana.



Foto:



Skrive av: Sondre Skrede (11.09.07 - 08:35)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487425 besøk, sidan 18. juli 2005