Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Strand Ulv - Balestrand COOP




Foto:

1-1 Balestrand vidare på myntkast


Etter tapet for Gneist 1 måtte me ut i B-sluttspel og ein ny morgonkamp. I likheit med Gneist kampen gjekk også denne klokka 8 om morgonen. Gutane var ikkje så altfor nøgd med dette og klaga og bar seg over oppsettet gjort av Norway Cup arrangørane. Dette kunne me ikkje gjere noko med og kampen skulle spelast på bane 11 på Ekebergsletta. Banene er ikkje kjende for å vere spesielt gode og flate. Bana var ein av dei betre på Ekeberg, men bar preg av at det var ei cupbane og ikkje noko meir.  

 

Denne morgonen kom det 2 gode nyhende, den første var at Adrian følte seg klar for speling igjen, den andre var at Lars Kjetil var mykje betre og ville prøve seg i dei siste minutta. Nikolai såg ut til å vere kvitt strekkskaden. Mykje godt nytt for Skreden og resten av laget.  Dei 11 utvalte i vanleg 4-4-2 formasjon var:

                       

Ole

 

Nikolai – Rainer – Jonakim – Kent

 

Georg – Stian – Lønning – Lidal

           

Adrian – Kim Andre 

 

 

Kaptein Adrian følte seg ikkje heilt sikker på korleis det ville vere å skyte så me brukte han som oppspelspunkt der han sjølv kunne avgjere om han ville stusse igjennom til Kim Andre eller leggje igjen til midtbana. Kim Andre var ivrig etter å score (på fleire fronter). Mål ville han ha utan tvil. Rainer har hatt ei fantastisk turnering i lag med Ole og har sørgja for at det ikkje har vorte for mykje baklengs. Kent har eigd backplassen og spelt solid i fleire kampar. Jonakim ser ut til å ikkje like seg på stopparplass, men viser at han beherska rolla særs godt. Georg sleikar sidelinja og mjauar etter ballen når me har ballen. Unge Georg har visst seg frå si beste side og briljerer langs kanten og er eit mareritt for backar. Stian jobbar og vinn duellar på midten og er meir den typen speler me ikkje legg så mykje merke til på bana, men er viktig for laget, ein slik type som Mascherano for Liverpool er. Lønningen har vist kven som er sjefen på bana og jobbar trutt og stadig og skaper mykje sjansar for oss. Lidal syner at han beherskar alt frå back til spissplass, ein fin grunnteknikk og ein god fot gjer at han kan nå langt. Kjell Andre har vore mannen å ha på streken og er ein god skuddstoppar. Kåre Andre viser at med god trening og innsats kan ein klare det meste, leverte ein stor kamp mot Gneist. Endre er den klassiske kantspelaren som held breidda og er god med ball, slår gode ballar framover. Trygve plar å dukke opp akkurat der han skal vere og når han skal vere der, han er liten og vinn ikkje mykje av duellar, men har ei stor evne til å få med seg ballen. Erlend har vore iskald og har eit godt tilslag som gjev gode moglegheiter for mål. Lars Kjetil har vore ein kjempe bak i forsvar og på midten! Jobbar og blør for laget om han må. Unge Noreide har ei lysande framtid. Per Àki er eit år yngre og slit fysisk i smågutefotball, men dukkar alltid opp når me treng han mest og puttar, då helst på bakarste stolpe. Mr. Kvikne har vist seg å vere ein god goalgetter! Andreas slit med ei måltørke og ynskjer å score mål og jobbar hardt for å oppnå det. Han vil vere med på alt som skjer, men er litt feig i duellane, men er ein spelar som kan gå anonym i kampar for så å plutseleg putte hat-trick Nikolai likar seg om offensiv back og er ofte med framover og slår gode innlegg i tillegg til å vere god defensiv, ein moderne back.

 

Kampen byrja i eit labert tempo der begge lag såg like gode ut og dette såg ut til å bli ein jamn kamp. Adrian fekk gode moglegheiter til skudd på mål, men med ei ødelagt tå på favorittfoten skulle dette bli problematisk. Skota hans kom frå venstrefoten som ikkje er Riise-standard og traff uheldig nokon gongar utanfor mål. Kim tok opp at der han slapp mot Gneist, han sklei uheldig mykje, men fekk med seg ballen meir i dag enn mot Gneist og skapte moglegheiter. Strand-Ulv var ikkje tannlause framom vår goal heller så dei varte opp med flotte gjennomspel og skot som anten forsvaret vårt tok seg av eller Ole fekk redda eller kontrollerte ut. Midtveis i omgongen fekk me den største moglegheiten då Adrian frekt spelte gjennom Kim Andre som blei hindra av 3 Strand-Ulv spelarar i noko som såg ut som klar obstruksjon. Kim Andre kom seg gjennom og fekk tuppa ballen mot mål. Keeper plukka enkelt, men med ein dommar som hadde sett obstruksjonen ville me fått tildelt straffe.

 

(er ikkje komne lenger, beklagar sterkt!)



Skrive av: Sondre Skrede (10.09.07 - 22:35)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487124 besøk, sidan 18. juli 2005