Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Gneist 1 - Balestrand COOP




Foto:

Gneist 1 - Balestrand COOP

6-0

 


I dei tidlege morgontimane ein tysdagsmorgon vakna det til liv på Baletrand sine hotellrom på Anker Hostel. Me skulle møte bergenslaget Gneist klokka 08.00 på Ekebergsletta. Dagen før hadde me spelt sesongbeste mot BFAFFC og me håpte det skulle fortsette. Spelarane såg trøytte ut til frukosten som var mellom 6 til halv 7 om morgonen. Det er hardt å vere på cup om sommaren. Nokon klarte dette heilt fint, medan andre sleit. Uansett så skulle me spele kamp. Dagen før hadde Gneist 1 møt Snarøya på Abildsø etter vår kamp og me såg at dette var eit lag med hadde gode moglegheiter til å slå. Gneist 1 vant uoverbevisande 5-1 over Snarøya, der Snarøya brukte ein utespelar i mål.  

Før kampstart prøvde Adrian seg med jogging og nokon skudd utan hell. Han måtte stå over i dag og. Synd å miste ein så god spelar som Adrian er, han dreg med seg laget og held motivasjonen oppe hos fleire av dei andre spelarane. Lars Kjetil hadde og fått beskjed om at han ikkje kunne spele av helsepersonell på Abildsø etter kampen mot BFAFFC, der Lars Kjetil spelte heile kampen med bandasje rundt kneet. Beskjeden frå helsepersonell var å ta det med ro og ikkje drive så mykje fysisk aktivitet til han kjende seg bra att. Nikolai som har levert ein særs god vårsesong var ute med lyskestrekk. Dette skapte litt hovudbry for Skreden som brukte lang tid på å bestemme seg for eit lag å stille med mot Gneist 1. Og kven som skulle dra med seg laget vidare. Me var lystne på eit a-sluttspel så med siger mot Gneist ville me klare det.  Taktikken var i dag var enkel, angrip, jobb, vinn ballen, sett den i mål og ver tøff!

Oppstillinga: 4-4-2

 Ole

Trygve – Reiner – Jonakim – Kent

Georg – Lønning – Lidal – Endre           

 Kim Andre – Andreas 

Kampen byrja med at Gneist var farleg frampå etter få touch med ballen. Det tok dei i underkant av 10 touch og 20 sekund før dei fekk sin første store sjanse. Balestrand såg ikkje vakne ut. Gneist måtte vinne denne kampen for å nå a-sluttspelet same som oss. Vinnaren av denne kampen ville gå til a-sluttspill og taparen måtte gå i b-sluttspel. Etter kvart som kampen rulla vidare skapte me særs lite medan Gneist 1 var farleg frampå ved fleire anledningar og scora nokre kjappe mål som Ole hadde gode moglegheiter til å ta, men det ville seg ikkje for korkje Ole eller resten av laget. Me såg no kor viktige Lars Kjetil og Adrian var for laget, med den stabiliteten og autoriteten dei har med seg på bana. Første omgong bar preg av eit skadeskoten og søvnig Balestrand og eit Gneist 1 lag i scoringsform. Me hadde ein sjanse og det var Lønningen sitt skot frå midten som keeper måtte vippe over tverrliggaren. Det var stort sett det me skapte i første omgong. Kim Andre var uheldig med skovalet og sklei litt for mykje til å få med seg ballen nokre gonger. Kim kunne lett å sprunge frå Gneist 1 sine forsvarar, men bana som var gjørmete og holete gjorde det vanskeleg for Kim å få med seg ballen. Til pause sto det 2-0 til Gneist 1 og gutane såg slitne og trøytte ut. Ein av scoringane kom på teljefeil i forsvaret vårt på ein corner til Gneist. Rett før og i pausen kom Stian, Kjell Andre og Kåre Andre inn på bana. Ole, Lidal og Georg kom ut. Gutane våre var gira på å gi jernet i andre omgong! Dommar blåste i gong kampen att og gutane ville vise kva dei kunne.  

Etter kort tid la Gneist 1 på til både 3 og 4 null og pressa oss lenger og lenger bak på bana. Gutane våre hadde ikkje vakna i pausen. Det straffa seg hardt. Etter ei lita stund kom Erlend og Per Àki inn på bana der Erlend gjekk på topp i lag med Kim for Andreas, og Per Àki kom inn for Georg på venstrekanten. Det tok ikkje lang tid før Per Àki viste fram glimrande teknikk og overblikk då han drog av 2-3 Gneist spelarar og slo Erlend igjennom. Uheldigvis var gjennombrotspassningen litt for langt og keeper plukka lett. Ein halv sjanse der. Gneist 1 hadde ein litt slapp periode no og det gav oss moglegheiten til å flytte laget lenger opp på bana og kanskje redusere. Det er uvisst om dette var med vilje eller ikkje, for Gneist 1 var kjapp på kontringar og med ein gong me hadde flytt opp laget og Gneist vant ballen i ein av MANGE duellar kontra dei og satt ballen sikkert i mål bak ein utspelt Kjell Andre. Det var ikkje nok med det. På tampen av kampen fekk Gneist 1 corner etter noko klønete forsvarsspel. Kapteinen til Gneist 1 gjekk opp i lufta og knuste Rainer i lufta og plasserte ballen i nota med eit hardt hovudstøt. I andre omgong blomstra spelarar som Kåre, Erlend og Per Àki og viste at teknikktrening har ingen vondt av. Gode mottak og passningar samt gode finter gjorde at Gneist forsvaret fekk problem med desse. Kjell Andre hadde nokre tv-reddningar på strek og viste kven som er mannen på streken. Uheldigvis slit han litt i feltarbeidet sitt og rotar det til for seg sjølv nokon gongar med å prøve å ta ballen med beina og ikkje hendene. Då dommar blåste var det over og ut om drømmen om a-sluttspel der dei store laga er. Me gjekk vidare til b-sluttspelet, noko Sogndal og gjorde. Gutane veit at dei hadde vunne denne kampen om dei hadde gitt alt og ikkje var utslitt etter rangling kvelden før. Det er hardt å spele kamp klokka 8 om morgonen, men me skal ikkje vere misnøgde med å vere det einaste laget frå Balestrand som gjekk vidare til eit sluttspel i årets Norway Cup.  

Dagens mann blir Lønning som viser arbeidskapasitet større enn forventa og overraskar Gneist med eit vanvittig skot i første omgong frå midten. Som gode nummer 2 har me Per Àki, Endre og Kåre som gjør ein god jobb på kantane. I første kamp i b-sluttspelet venta Strand-Ulv.



Skrive av: Sondre Skrede (10.09.07 - 22:27)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487219 besøk, sidan 18. juli 2005