Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


BFAFFC - Balestrand COOP Norway Cup




Foto:

Det tok litt for lang tid før desse referata kom inn, men no er dei her!  Referata frå smågutekampane frå Norway Cup er her!


Dette var kampen me hadde gled og grua oss til i lang tid. BFAFFC hadde teke turen heilt frå Kina for å delta på årets Norway Cup. Kampen byrja 17.15 på Abildsø der banene var så som så. Ujamne og ustelte, ikkje ulikt dei fleste banene på Norway Cup. Gutane var mest opptatt av anten å sjekke damer eller finne ut kven kinesarane var, men når det kom til team-talken var dei skjerpa og klare for å knuse kinesarane!  

Etter at Adrian gjekk ut med skada mot Snarøya og ikkje var klar til denne kampen blei det noko rulleringa i startoppstillinga. Georg og Nikolai var komne og klar for Cup etter ”treningsopphald” på Island og i Syden. Lars Kjetil hadde fått seg ein kakk i kneet, men var villig til å blø for Balestrand i denne kampen.  Oppstillinga: 4-1- 4-1:

Ole

Nikolai – Rainer – Jonakim – Kent

Lars Kjetil

Georg – Stian – Lønningen – Lidal                       

Kim Andre 

Me prøvde ein ny formasjon med eit anker som låg mellom midtbana og forsvaret og med vingar som skulle vere med fram som spiss i angrep. Ankermannen, Lars Kjetil, fekk den tøffaste oppgåva. Han skulle dette ned som stoppar då me låg og forsvarte oss og gå opp i ein trio i midten med Stian og Lønningen når me var i angrep. Georg og Lidal fekk ei oppgåve som innebar mykje springing. Dei skulle dette ned i ein 4ar på midten når me forsvarte oss og opp som breiddespissar når me var i angrep. Dette var ein ny utfordring for dei fleste, men så tøffe som dei er så gav dei ikkje opp før kampen var ferdig.  

BFAFFC hadde heilt sikker trena lenge for årets Norway Cup og hadde garantert mange fleire å ta av til å danne eit sterkt og godt smågutelag. Fysikken deira, kapasiteten og ferdigheitene i BFAFFC var heilt enorme! Dette såg me allereie under oppvarminga deira.  

Den særs høflege og gode engelske dommaren blåste i gang kampen og årets kamp av smågutane var i gang. Kinesarane la tidleg inn eit høgt press og me blei liggjande lavt og berre klarere med ein gong me fekk ballen i beina. Gutane fann ikkje roen, men det skal seiast at BFAFFC var kjapt oppe i mann med ein gong ein av våre fekk ballen. Laget frå Hong Kong, BFAFFC, heldt på ballen når dei hadde han og brukte sjansane sine godt. Det var no Ole Tjugum viste kva han var god for! Og det var ikkje noko småtteri. Ole var ute og tok kvart gjennomspel kinesarane prøvde seg på og stilte opp med den eine tv-reddninga etter den andre. Lars Kjetil dominere luftrommet både på midten og i forsvar og viste seg som den klippa han er. Vingane våre sleit med det høge tempoet til kinesarane og blei anten liggjane for høgt eller for lågt. Dei fann ikkje flyten. Lønningen tok tak i midtbane og fekk med seg ballen ved eit par anledningar og spelte Kim Andre igjennom utan at det gav utteljing. Etter kvart som omgangen gjekk scora kinesarane 3 gongar på ein utspelt og tapper Ole. Før pausen var vingane våre byta ut mot Andreas og Endre.  

I pausen la me om taktikken til å ta det meir med ro når me har ballen og prøve å spele smart, og til den klassiske 4-4-2. Lars Kjetil kom ned i forsvaret og Jonakim blei flytta ut for ein sliten og strekkskada Nikolai. Per Àki kom inn på topp i lag med Kim Andre. Gutane var imponert over seg sjølv at dei klarte å fylgje kinesarane og gi dei kamp til siste slutt. Dei har all grunn til å vere stolte over seg sjølv og innsatsen deira.  

I andre omgang kom me meir og meir inn i kampen, tempoet og kapasiteten til kinesarane såg ut til å vere på veg ut. Dei byta mange spelarar og kvilte kanskje sine beste i andre omgang ettersom dei trudde dei hadde taket på oss. Det har vist seg gjennom sesongen at andre omgangar kan me. Gutane virka meir og meir gira og ser ut til å spele seg inn i kampen for fullt. Etter eit par flotte angrep og nokon uheldige avslutningar av Balestrand, fekk me eit indirekte frispark på 18-19 meter. Lars Kjetil og Lønningen gjorde seg klar med ballen. Lars Kjetil, som for øvrig var dagens kaptein, trilla ballen skrått ut til Lønning som sto på 20 meter og klinte til heilt nede i høgre hjørne for keeper. Klassescoring! Me reduserte til 3-1 og gutane såg eit håp i dette. Om gutane våre hadde klart å utlikna eller til og med vunne kampen ville det vore ein sensasjon for historiebøkene. Gutane var lystne på den sensasjonen! Men det ville seg ikkje. Etter eit brukbart angrep av oss der Per Àki var uheldig og bomma på ballen køyrde BFAFFC i gong ei rask kontring der kanskje ein av kinesarane sine beste, høgrekanten deira, inn eit flott løp utan ball frå eigen 16-meter på høgresida og sprang heile vegen og fekk ballen servert av den kinesiske kapteinen på vår 5-meter og kunne skli ballen enkelt i mål. Fantasisk innsats av høgrekanten deira. Kinesarane stramme grepet og slapp oss til sjeldnare og rulla ball for å få tida til å gå. Ole stilte opp i starten opp med fleire tv-reddningar, men var uheldig og fekk ein smell i hofta som gjorde det klart for vår Kjell Andre. Kjell Andre er ein stor og god keeper på streken og har enorme refleksreddningar, men slit med feltarbeid og vala sine ettersom manglande rutine. Men Kjell Andre visste kva han var god for med fleire klassereddningar og viser at Balestrand har to kjempe talent som keeperar som er lystne på a-lagsplass om eit par år. Lars Kjetil heldt fram med det gode arbeidet og viste stor duellstyrke og vilje då han knuste den eine kinesaren etter den andre. Men dessverre heldt det ikkje for han og laget og kinesarane kunne dra i land ein 4-1 siger. Velfortjent og. Kinesarane var eit fantastisk bra lag! Dei var det beste laget og eigde store delar av kampen, men me viste at me ikkje var eit lag som ein skal undervurdere. Balestrand har ei flott spelargruppe med mykje talent i denne årsklasse. Det fekk me klart og tydeleg sjå i denne kampen!  

Dagens mann må vere Ole som stilte opp med flott keeperspel som held særs høg klasse. Eg skal likevel trekkje fram Lars Kjetil som ein god nummer 2, fordi han viser stor styrke og innsats som er avgjerande for at kinesarane ikkje kom til fleire sjansar enn dei gjorde. Lars Kjetil var stor i dag! Alle spelarane våre var fornøgd med eigen innsats og den var ikkje dårleg. Dette var sesongbeste av gutane tross tap! Alle gutane viste store ferdigheiter og viser at dei likar god motstand! All ære til smågutelaget i dag!

(diverre har me ikkje bilete inne endå)



Skrive av: Sondre Skrede (10.09.07 - 22:19)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487456 besøk, sidan 18. juli 2005