Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Spennande damekamp der vinnarmålet kom nesten 4 minutt på overtid




Foto:Jarle Geithus

Sogndal sikra seg 4-3 seier 3 minutt og 40 sekund på overtid, etter ein særs jamn og spennande kamp sist fredag.


Balestrandsdamene var i flytsona etter seier mot Årdal forige serierunde, og stemning i troppen var god sist veke. Ein hadde som målsetjing å gjennomføre ein ny god kamp, og denne gongen heime mot Sogndal. Ein god kamp vart det, og to til tider særs gode lag, gjorde sitt til at spenninga var der heilt til siste spark på ballen. Og bokstavleg tala, siste spark på ballen gav Sogndal seieren...

Balestrand stilte med fylgjande lag frå start:
Linn, Ragnhild - Marte - Heidi - Hanne, Silje Thorsnes - Silje Totland - Ingunn - Sandra, Ann Kristin - Alette.

Balestrand opna kampen med mykje rot. Dårleg press på ballførar, svake pasningar, og med skuldrane langt over hovudet. Det gjekk nesten eit kvarter før ein var "på nett". Då var laget slik det bør vere. Likevel var det gjestane frå Sogndal som tok leiinga 0-1 på eit korrekt idømt straffespark etter 23 minutt spel. Lena kom inn for Silje Thorsnes etter 26 minutt i forsøk på å få litt meir fart på høgresida. Sogndal auka til 0-2 etter 34 minuttar.

3 minutt seinare reduserte Ingunn til 1-2 på eit flott skot frå om lag 10 meter. Alette fossa gjennom SIL-forsvaret på venstresida, og la perfekt inn til Ingunn som kom i stor fart bakfrå.

Omgangen var jamnspelt om ein tek vekk dei første ti minutta. Sogndal var hakket kvassare, og det var slik sett greit at dei leiia til pause.

2 minutt ut i 2. omgang sette Ingunn inn 2-2 etter at ho gjorde nesten alt sjølv. Ho dro seg gjennom forsvaret, og viste kva som bur i ho når det gjeld gjennombrotskraft. Fin skåring!

3 minutt seinare fekk ein SIL-spelar stå heilt aleine på bakerste etter ein flott overgang. BIL-forsvaret fekk ikkje avklara skikkeleg og i bølge nummer to svikta markeringa. 2-3 til Sogndølene. Like etter hindra Linn ny Sogndalskåring då ho var nesten oppe i krysset og slo ballen vidare ut til corner. Praktredning av vår særs gode sisteskanse!

Stilstudie av Linn i eit av mange gode og lange utspark

Så var det nyervervinga, Alette, sin tur. Ho opna skåringskontoen med ei av dei flottaste skåringane på Kreklingen denne sesongen. Hanne kasta inn til Alette. På hjørnet av sekstenmeteren tverrvenda ho og klinte ballen rett i krysset. Utsøkt skåring og nok eit eksempel på laget endeleg har fått ein spiss med gode kvalitetar.

Kor er ballen her då?

Resten av kampen bølga fram og tilbake med sjansar til begge lag. Sogndal fekk loggført ein duppar i tverrliggaren som nærast skåring.

Bjørg Kristine kom inn for Anne Kristin etter 72 minutt. Ann Kristin kom rett frå La Manga og har nok spela betre kampar en denne. Ho var plaga med magesmerter gjennom heile kampen, og måtte til slutt kaste inn handklede. Silje Thorsnes kom inn igjen for Lena 6 minutt før slutt. Lena fekk diverre føling med skaden sin igjen.

4 minutt før full tid kriga Alette med "halve Sogndal" og fekk lagt ut til til Silje Thorsnes. Ho slo eit godt innlegg til Bjørg som vart litt for sein.

Kampens gode dommar, Karl Ingen Wolff, gav teikn til at det vart lagt til 3 minutt. Kampen såg ut til å enda med poengdeling, men Sogndal klarte å setje inn vinnarmålet 40 sekund på overtid av overtida. Bittert for jentene ein ny god gjennomført kamp.

Sogndal pådrog seg to gule kort i 2. omgang, medan Lena fekk tildelt same kortfarge for Balestrand.

Mykje positivt¨å ta med seg frå kampen. Ikkje minst skårer vi 3 mål, og gav tabelltoar Sogndal god kamp om poenga. Det viser at Balestrand kanskje no endeleg har fått det til å løysne framover. Likevel viktig at ein ikkje tek heilt av, men det er det nok ingen fare for. Jentene veit kor tøft det er på seniornivå mot røynde og gode spelarar. Likevel viser dei at laget har potensiale. Med eit par forsterkningar og god trening vidare framover, kan det verte mykje moro allereie neste sesong.

Dagens Balestrandspelar: Heidi Eilifsen og Linn Tennefoss Vefring.

Neste kamp er òg heime på Kreklingen. Fredag 7. september kjem Jølster på besøk. Avspark er klokka 1900, og ein håpar på like mykje publikum som mot Sogndal.



Skrive av: Geir Harkjerr (06.09.07 - 16:34)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487420 besøk, sidan 18. juli 2005