Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene med heldig siger mot Jotun




Foto:Alf Høyrem

Småjentene vann 2-1 mot Jotun på Jotun krøllgras tysdag kveld. Resultatet ved pause var 1-1. La det vere sagt med ein gong; dette var ein siger av det heldige slaget.

Balestrand opna bra. Allereie etter 8 minutt scora Oline etter å ha køyrt karusell med Jotunforsvaret. Ein skulle tru at scoringa motiverte til ekstra innsats, men i staden var det jentene frå industristaden som tok over. Dei vann dei fleste duellane og kriga Balestrandjentene tilbake på bana. Etter 20 minutt scora så Jotun etter tafatt forsvarsspel av jentene der dei ikkje klarte å klarere. 1-1 til pause. 

I andre omgang haldt Jotunlaget fram med å dominere. Sjølv om laget frå perla ved Sognefjorden var farleg frampå nokre gongar, var det likevel Jotunlaget som hadde dei fleste og beste sjansane. Så, etter nesten 20 minutt fekk jentene våre hjørnespark. Martina slo eit fint hjørnespark. Ballen ble klarert ut i feltet der Mathilde stod akkurat der ho skulle stå  og skaut ballen sikkert i mål nede i hjørnet. Dei neste minutta førte jentene kampen og kunne scora fleire mål. Jentene frå aluminiumsbygda kom imidlertd tilbake og la inn eit voldsamt press dei siste minutta der dei hadde nokre gedigne sjansar. Men dårlege avslutningar og godt spel av Berit i mål gjorde at Balestrandjentene kunne ro i land sigeren. 

Det må og nemnast at Jotun ikkje stilte med dommar slik at trenaren til Jotun dømde kampen. Det er ikkje lett å vere dommar, og sikkert vanskeleg å vere objektiv. Men det får vere grenser. Gong på gong var Jotun i offside utan at han brydde seg. I tillegg kom han med meldingar til jentene sine under kampen.

Ein skulle tru at det er god tilgang på straum i Øvre Årdal.  På slutten av kampen var det imidlertid nesten uforsvarleg mørkt utan at nokon brydde seg med å slå på flaumlyset. Glade jenter kunne uansett juble for sin andre bortsiger på rad.



Skrive av: Alf Høyrem (05.09.07 - 15:49)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487386 besøk, sidan 18. juli 2005