Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene med tap mot suverene serieleiarar




Foto:jarle

Småjentene tapte 5-0 mot Sogndal 1 til tross for ein meget god første omgang. Dermed gjekk jentene på sitt første heimetap denne sesongen.

Småjentene har imidlertid ingen grunn til å henge med hovudet etter tapet. Sogndal 1 har vunne alle sine kampar med god margin. Dei har  ein målskilnad på ufattelege 72-3 etter 10 kampar, og er kanskje, med unnatak av Askvoll/Holmedal, fylket sitt beste lag i denne klassa.  

I første omgang var jentene fullt på høgde med motstandarane frå høgskulesenteret, sjølv om Sogndølene hadde dei farlegaste sjansane. Anført av ein meget god lagkaptein viste Balestrandjentene svært godt forsvarsspel og kjempegod innsats over heile linja i denne omgongen. Diverre scora Sogndal berre 30 sekund før første omgang var slutt.

I andre omgang tok Sogndølene meir over. Jentene frå perla ved Sognefjorden klarte ikkje å halde same presset og å kome opp i motstandarane slik som i omgangen før. Dermed fekk dei storvokste jentene frå Sogndal tid og rom til å slå igjennom til spissane sine.

I startoppstillinga til Balestrandlaget var det berre fire spelarar fødde i 1993. To av spelarane er fødde i 1995 og fem av spelarane i 1994. Når ein så veit at motstandarane var eit reint 14 års lag (f. 1993) og i tillegg jamt over var storvokste (til dels svært storvokste) er det klart at fysikken blir avgjerande i ein slik kamp. Så kan ein jo diskutere kven av laga som stod for den beste prestasjonen ute på bana. 

Det er svært gledeleg og motiverande at jentene kan klare å spele jamt mot eit så godt lag i ein heil omgang. Spesielt med tanke på at laget mangla to sentrale spelarar som diverre slit med skader. Dersom laget kan klare å prestere like godt resten av sesongen skal det bli mange poeng ut over hausten.



Skrive av: Alf Høyrem (29.08.07 - 16:51)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487190 besøk, sidan 18. juli 2005