Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damene vann i jubileumskampen




Foto:Anne Karin Sjøthun

I kamp nummer 25 på seniornivå, fekk damene endeleg kjenne korleis det følast i vinne fotballkampar att. Årdal vart slått 2-1 på Jotun stadion fredag kveld.

Haustsesongen starta med o-1 heime mot Kaupanger, der gjestane skåra seiersmålet heilt mot slutten av kampen. Denne kampen burde Balestrand ha vunne ut frå rapportane frå dei som var tilstade. Fleire gongar aleine med keeper, gav heller ikkje denne gongen mål rett veg.

Den andre haustkampen gjekk borte mot Høyang. Ein kamp vi prøvde å utsette, gruna manglande Sygnaspelarar, ferie på mange lokale, og fleire skadde spelarar. Høyang viste lite forståing for dette, og kampen vart spela med 10 Balestrandspelarar frå start. 2. omgang starta med 9, då Lena måtte gje seg grunna strekk. Silje Totland var småskadd og vart etter kvart sett i mål. Linn fikk sin debutt som utespelar! Så vart Silje "skikkeleg" skada, og måtte gå ut. Balestrand avslutta med 8, der av 7 utespelarar... Resultat vart 0-15 i ein parodi av ein fotballkamp mot Høyang sitt toppa lag.

Fredag kveld var difor lysta stor for å reise kjerringa borte mot Årdal. Laget var framleis svekka med fleire skadar, og med kaptein Ann Kristin i solsteiken på La Manga.

Alette debuterte som spiss i denne kampen, og det er gledeleg å sjå at laget endeleg har fått ein god angrepsspelar! Ho skapte mykjer sjølv, og var innvolvert i dei fleste målsjansane til Balestrand.

1. omgang starta jamnt med gode sjansar til begge lag. Den største hadde kanskje Årdal då Linn måtte kaste seg i føtene på ein Årdøl som kom aleine gjennom. Alette var centimeter frå å nå ballen på to flotte gjennomspel, men Årdalkeeperen kom så vidt først. Silje Totland fekk sjansen på frispark cirka frå 16 meter, etter at Årdalkeeperen plukka opp eit tilbakespel. Frispark gjekk relativt høgt over. Det var då spela 33 min av omgangen.

I pausen var jentene bruktbart fornøgde, og ein var einige om at med litt tolmod, så ville målet kome. Alette måtte ha nokre minuttar pause like etter at omgangen starta, etter at ho kolliderte med keeper.

Målet kom, men det kom feil veg... Ein god pasning i bakrommet som BIL forsvaret ikkje hang med på tempoet. Aleine mot Linn vart det 0-1 etter berre 4 minutt spelt. 2 minutt seinare kom utlikninga. Eit oppspel til Amanda som ho la flott tilbake Ingunn. Ingunn la ballen i ein fin bue over keeper som stod noko langt ute. Godt at Ingunn fekk det til å løysne. Fleire tilsvarande sjansar har vore misbrukt mange gongar før tidlegare i sesongen.

Balestrand tok sakte og sikkert over kontrollen på det som skjedde ute på ei flott grasbane på Øvre Årdal. 15 minutt var spela då frk. Totland nok ein gong var i begivenhetenes sentrum. Ho kriga seg framover og avslutta med eit skot som gjekk like over. 20 minutt ut i omgangen kom Balestrand med ein flott overgang. Fleire spelarar var innom ballen før Alette spelte Amanda nydeleg gjennom på hjørne av sekstenmeteren. Amanda heldt roen, og sette ballen enkelt til side for keeper og i mål. Kvarteret før full tid, fekk Alette ei kjempepasning frå Silje Totland. Alette kriga seg gjennom, men vart diverre presse utover. Skotet hamna i nettveggen.

Etter at ein Årdalsspelar hadde fått gult kort, og Balestrandjentene avslutta med god organisering og stor disiplin i forsvaret, ebba kampen ut med seier 2-1. Mange glade jenter etter mykje stang ut tildlegare i år.

Balestrand stilte med fylgjande lag frå start:
Linn, Ragnhild - Marte - Heidi - Hanne, Silje Thorsnes - Silje Totland - Ingunn - Sandra, Alette - Bjørg Kristine.

Amanda kom inn for Bjørg Kristine etter 37min. Bjørg Kristine kom inn att for Alette etter 47 min, og Alette rista av seg smellen og inn for Silje Thorsnes etter 56 minutt.

Mykje positivt i denne kampen, Som tidlegare i år skapte ein fleire gode sjansar, men denne gongen fann ballen vegen til nettmaskene. Alette viste seg fram som særs god spiss som det spennande å følge vidare framover. Spennande stopparpar med Heidi og Marte, som stort sett hadde god kontroll. Litt stor avstand enkelte gonger, men det var kompensert med gode taklingar. Ragnhild og Hanne spelte godt på kvar sin back, og viste fram stor fart og gode taklingar. Sandra hadde fleire flotte raid på venstresida, drog sv spelarar og slo flotte innlegg. Silje Thorsnes på motsatt side har vore mykje plaga med skade, og er framleis ikkje heilt restituert. Ho viste likevel takter som lover bra for resten av sesongen. Stor innsats og fleire gode innlegg. Silje Totland spelte ein av sine beste kampar, og spelte med stor autoritet på midten. Ingunn imponerte nok ein gong. Hadde ho hatt stegteljar på seg, hadde denne truleg vorte sprengt! Tok verkeleg ansvar som kaptein, og skåra eit flott mål. Bjørg Kristine er stor og sterk og trekkjer til seg mange motstandarar. Det gjev rom til andre. Alette skapte mykje på eigenhand, og var heile tida ei uromoment for Årdalforsvaret. Amanda har stor vilje og er tøff i duellane. Ho har ikkje trena fotball på eit år, men eit stort potensiale ventar på å slå ut i full blomst. Flott mål.

Laget må framleis jobbe med avslutningar. Håpar at det snart løysner skikkeleg. Sjansane er der dei, men det vert skåra for lite mål.

Dagens beste Balestrandsspelar, og kampens store profil: Ingunn Kråvik!

Neste kamp er heim på Kreklingen komande fredag. Då er Ann Kristin tilbake, og ein håpar på at Lena får kontroll på strekken, slik at ho vert speleklar att. Då er det berre fior publikum å møte opp fredag klokka 1900!



Skrive av: Geir Harkjerr (27.08.07 - 14:38)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487162 besøk, sidan 18. juli 2005