Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillegut 12 imponerte - i ein omgang




Foto:

Lillegutane opna friskt og imponerte mot Vik - eit lag vi tapte stort mot sist vi møttes..

På trass av tosifra tap og tendensar til depresjonar sist gong vi møtte Vik, gjekk lillegutane friskt til verket denne torsdag kvelden. Solid forsvar og Birk i scoringshumør gjorde sitt til at vi leia 3-1 når vi nærma oss pause. Laget rulla opp fine angrep etter gode avklaringar i forsvar. Det flottaste var nok 3-1 målet der Asgrim vart spelt fint fri på kanten. Han la perfekt inn til Birk som kunne styre ballen inn i lengste med eit kontrollert hodestøt.

Desverre for oss scora Vik like før dommaren bles av til pause, slik at det vart 3-2. Etter kvilen var det Vik som kom godt i gang. Dei fikk eit par mål på følsame gjennomspel der forsvaret vårt ikkje var vakne og nok på hugget. Framover mista vi også litt av presisjonen og det vart stadig nesten. Vi heldt Vik til 4-4, men etter det klarte vi ikkje å følgje med i målprotokollen.

Det endte 4-8 til Vik. Vi kan likevel ta med oss mykje positivt frå denne kampen. Vi veit no at vi er gode når vi speler opp mot vårt beste. - Og så vant vi jo 1. omgang!



Skrive av: Arne Abrahamsen (26.08.07 - 22:34)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487392 besøk, sidan 18. juli 2005