Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene med siger over Lærdal



Før kampen mot Yes frå Zimbabwe - Norway cup
Foto:Alf Høyrem

Småjentelaget spelte ikkje nokon god kamp, men slo Lærdal 4-1 på Lærdal stadion tysdag ettermiddag. Dermed tok laget sin første bortesiger for sesongen.

Dette var imidlertid ingen stor kamp av Balestrandjentene. Jentene starta best, men Lærdal tok raskt over. Lærdal hadde ikkje noko stort lag, men ein god sentral midbane styrte mykje av spelet. Oline var imidlertid farleg frampå fleire gongar. Etter vel tjue minutt vart ho felt like utanfor sekstenmeteren. Det påfølgjande frisparket knalla Martina i mål heilt oppe i vinkelen. Vakkert. Berre to minutt etter var Oline på eit nytt raid, og denne gongen scora ho (med venstrefoten!).

Laget frå bygda med den fine lakseelva var farleg frampå fleire gongar, men manglande avslutningsteknikk gjorde at det ikkje vart mål. I staden var det jentene frå perla ved Sognefjorden som gjekk opp til 3 – 0. Jofrid, frå sin venstre back posisjon, sendte i veg eit skot/avklaring frå om lag tretti meter. Ein litt uheldig keeper rota ballen i mål. Heldig, ja vel, men eit mål er eit mål. Ho vart dermed den sjuande spelaren på laget som har scora mål denne sesongen! Lærdal fekk ei velfortent redusering i slutten av omgangen slik at det stod 3-1 til pause.

I andre omgang tok Lærdal meir over. Dei klarte å skape ein del store sjansar, men avslutningane var dårlege, og det som trefte mål tok Berit seg av. Balestrandjentene var imidlertid farleg frampå nokre gongar. Spesielt Oline skapte ein del på eiga hand. Midtvegs ut i omgongen fekk ho vist sitt store potensial då ho på meisterleg vis gjekk forbi forsvaret og plasserte ballen sikkert i keeperen sitt lengste hjørne og 4-1 var eit faktum. Ein veldig god prestasjon av Oline. 

For tida er det diverre fleire av spelarane som slit med leie skader. Troppen består av 17 spelarar totalt. Tre var skada og kunne ikkje vere med til Lærdal. I tillegg fekk to av dei 14 som var med skader under kampen. Neste veke vert det kamp mot Sogndal 1 som til no i sesongen har vore  heilt suverene i serien. Dersom jentene skal ha nokon muligheit til å kome på talefot med Sogndølene, må dei heve seg fleire hakk frå kampen mot Lærdal. I tillegg er det eit håp om at fleire av våre skadde spelarar vert speleklare til kampen. 


Venting på buss - Norway cup
Foto:Alf Høyrem


Arsenal - Nei æsj - Norway cup
Foto:Alf Høyrem



Skrive av: Alf Høyrem (23.08.07 - 15:50)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488607 besøk, sidan 18. juli 2005