Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Grodås Cup 2007



Frode og Viljar
Foto:Sirikit Bakke

Det å reise på cup er kjekt. Grodås Cup vart ingen unntak!

Balestrand IL stilte med 3 lag på årets Grodås Cup. I alt var vi 29 spelarar og kring 20 vaksne og søsken frå Balestrand som inntok Grodås denne jonsokhelga.

Når du reiser heim frå ein slik cup er du sliten alle stader. Men opplevingane er intense  - og minnene vert av dei beste når ein snur seg attende etter ei tid...

Her kjem glimt frå opphaldet for lillegut 95 laget. Lillegutane hadde ein flott turnering med mange positive opplevingar både på og utanfor bana. Resultatmessig vart det 4 tap og 2 sigrar. Det som var positivt, var at vi spelte relativt jamnt med dei fleste. Med 6 kampar over to dagar kunne vi drille inn småting med dei einskide spelarane og laget. Dette gav fin framgang på fleire punkt, og når sigeren i siste kamp var eit faktum, var alle svært tilfredse.

 

  Frå "hotellet". Knut og Bas slappar av.

 Birk og Viljar i angrep.

 Roger i aksjon.

 Knut rydder opp i forsvar.

 Jubel etter siste kamp.

 Heimatt...

 

Vi vil komme med glimt frå dei andre laga og. Dersom nokon har bilete frå desse er det fint om de kan sende dei på ein e-post - så kan vi kanskje få dei på lufta.. 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (03.07.07 - 23:20)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487171 besøk, sidan 18. juli 2005