Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Sogndal vann igjen




Foto:Geir Harkjerr

Fredag spelte damene ein god 1. omgang, men det vart nok eit tap for ungdomane frå Balestrand.

Kampen vart spelt inne i Sognehallen fredag kveld, og jentene frå Balestrand spelte ein absolutt godkjend førsteomgang. Kampen byrja med mykje fram og tilbake utan at nokon av laga produserte store målsjansar.

Linn fekk vist seg fram ved eit par høve midtvegs i omgangen, då Sogndølen lurte seg gjennom forsvarsfiraren og kom aleine mot ho. To flotte beinparradar!

Etter 24 min såg ein ballen i mål bak Sogndal sin keeper. Som så mange gonger før denne sesongen, så stod tverrliggaren i vegen. Lina var nede på midten og kriga til seg ballen. Ho sette fart framover på høgresida, og slo eit innlegg som var på veg rett inn i mål. Sogndal sin keeper måtte strekke så lang ho var, og fekk så vidt vippa ballen opp i tverrliggaren. Ballen spratt ut igjen på sju-åtte meter, der Ragnhild K fyrte av høgt over.

3 min seinare kom Sogndal si første skåring. Dårleg press av Marte som i staden for å bestemme seg for å takle, vart springande ved sida av SIL-spelaren heilt til ein var inne i straffefeltet. Ann Kristin fekk beina ballen ut, men ein ny SIL-spelar stod klar og snappa denne. Ho sette fart mellom tio av våre spelarar, kom aleine med Linn, og sette ballen enkelt inn til 1-0 nede til venstre for Linn. Dårleg forsvarsspel, kombinert med at midtbana ikkje følgde med tilbake er kontoen for den skåringa.

Etter halvtimen hadde Ingunn funne ut at det gjekk an å skyte, og fyrte av frå langt hald. SIL-keeperen måtte gje retur på skoten, men ho snappa opp returen før andre rakk fram.

Frøydis kom inn for Marte etter 31 minutt. Ho var tydeleg hemma og slit framleis med hælen etter at hesten hennar fann ut han skulle trakka på ho. Ragnhild K gjekk ned på backplass for å kompensere med fart på den sida. Det første Frøydis gjorde var å slå flott fram til Lina, som igjen kom seg laus på høgresida. Innlegget vart slått perfekt på første stolpe der Sara hadde funne posisjonen sin på hjørnet av femmeteren. Skoten gjekk over og utanfor. Nok ein stor sjanse, men ballen ville ikkje i motstandarmålet i dag heller.

Berre 32 sekund var spelt av 2. omgang då det vart 2-0. Sogndal gjekk rett i angrep. Ragnhild K vart lurt, og Ann Kristin vart lurt 2 gonger før ballen låg i målet. Både Ragnhild og Ann Kristin kunne med fordel ha sett inn takling.

Om ikkje det var nok, så vart det 3-0 når omgangen var 9 minutt gamal. SIL-spissen stod med Heidi i ryggen, men klarte å vende vekk ho før det vart avslutta med eit flott skot.

Gledeleg gjensyn med Ragnhild EH kom inn til sin første kamp denne sesongen. Ho gjorde ein fin innsats på høgrebacken.

Siste 10-15 minutta la Balestrand om til å spele 4-3-3. Det vart noko meir trykk framover, men utan at det vart laga så mange målsjansar. Tonje kom inn for Ragnhild K siste 10 minutta.

På overtid kontrar Sogndal inn 4-0.

Balestrand stilte med dette laget frå start:
Linn, Marte - Ann Kristin - Heidi - Sandra, Ragnhild Kråvik - Silje Totland- Ingunn - Anette, Lina - Sara.

Frøydis, Ragnhild Eitungjerde Høyvik og Tonje kom alle inn.

1. omgang var ein total sett god omgang av Balestrand. To store målsjansar som ein burde sett. I tillegg var laget godt organisert, og Silje spelte ein god omgang der ho stort sett hadde kontroll på midtfelte. Heidi spelte ein fabelaktig omgang der ho med stor autoritet ordna opp frå stopparplassen.

2.omgang vert noko under pari, der Sogndal er det beste laget. To tidlege skåringar "øydelegg" litt. Særleg den første var heilt unødvendig. Det at 4-0 kjem på slutten, er naturleg då BIL ligg att med mange framover i forsøk på å få meir trøkk.

Stort sett godkjent av alle spelarane, men ein gjev vekk unødvendig mål då ein i staden for å bestemme seg for å takle, vert springande og delvis ståande og inviterar SIL til å få avslutningar.

Dagens beste Balestrandsspelar var Heidi Eilifsen

Heidi døypt som beste BIL-spelar tidlegare i år. Ho var nok
ein gong beste BIL-spelar i bortekampen mot Sogndal.



Skrive av: Geir Harkjerr (24.06.07 - 11:16)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487782 besøk, sidan 18. juli 2005