Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillegutar 12 med årets andre siger



Lillegutar 12 - ein gjeng med godt humør
Foto:Arne Abrahamsen

I siste heimekampen før sommarferien tok lillegutane eit lite steg til, og kunne til slutt juble over årets andre siger.


Det var ein fokusert gjeng som var klare til å ta i mot Kyrkjebø sitt lillegutlag på Kreklingen. Alle visste no at vi kunne betre enn det vi hadde fått til sist vi møttest på regnvått og glatt gras på Kyrkjebø. Då sprang dei bokstaveleg over oss og vann til slutt så klart som med 9-4, medan vi meir eller mindre låg på rygg og kjende regnet strøyme...

Ein kar som tydeleg hadde vore i kjellaren, og hadde gått nokre rundar med seg sjølv var Tommy, keeperen vår. Allereie på oppvarminga kunne vi merke ein besluttsom opptreden. Det virka nesten som han hadde vokse 10 cm sidan sist!

Når dommar Lars Kjetil bles i gang kampen var det liten tvil om kva lag som ville mest. Balestrandgutane rulla opp med fine angrep. Vi vann også dei fleste duellane og forsvaret jobba godt i denne delen av kampen. Det som kom forbi der plukka Tommy sikkert og med stor ro. Igangsetjingane var og av ein annan og betre klasse enn tidlegare. Variasjon mellom presise utkast og gode utspark gav oss mange gode overgangar.

Denne kvelden fekk også Martine og Ida Katrine frå lillejentelaget prøve seg. Dette både ut i frå at lillegutane er få og treng litt innbyttehjelp og at dette er ein fin arena for desse talentfulle jentene. Og jentene vart raskt to av gutta og bidrog positivt. Fram mot pause leia Balestrand fortent me 4-0 etter tre mål frå Birk og eitt frå Ida Katrine. Rett før pause fekk derimot Kyrkjebø eit kanskje litt heldig mål og reduserte til 4-1.

Etter pause vart kampen mykje jamnare. Vi gjorde nokre fleire feil, medan Kyrkjebø var tydeleg meir på hogget og nok hadde fått sjøvtilit etter reduseringa. Kampen blei litt meir rotete og bølga fram og tilbake, og med relativt mange sjansar til begge lag. Men ballen ville stort sett ikkje inn. Anten var keeperen god, eller avslutningane litt for dårlege. Kyrkjebø fekk ei scoring medan vi ikkje fekk fleire.

Sjølv om prestasjonane fall ein del i 2. omgang, rodde vi det i land. 4-2 smakte godt denne ettermiddagen. Dei som har lege på ryggen i regn ei tid, veit å setje pris på ein solfylt ettermiddag! 


Bas og Knut på treningsfeltet. Det gjev resultat etterkvart.
Foto:arne Abrahamsen



Skrive av: Arne Abrahamsen (19.06.07 - 23:01)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487871 besøk, sidan 18. juli 2005