Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillegutane tapte kampen - men vann over seg sjølv




Foto:jarle

Med to store tap og dårlege prestasjonar i bagasjen skulle lillegut 12 ta i mot Høyang på Kreklingen stadion torsdag ettermiddag.

Etter eit klårt tap for Kyrkjebø og nærast slakt mot Vik, skulle Balestrand ta i mot Høyang på Kreklingen torsdag ettermiddag. Når vi i tillegg visste at Høyang har slått alle dei andre laga, inklusive oss sjølve med store siffer, var det liten grunn til å vere stor optimist i allefall.

Dårlege resultat og dårelege prestasjonar er ikkje det som i utgangspunktet bygger sjølvtillit inn i ei spelargruppe av 11 og 12 åringar. Men av og til er det også sånn her i livet at slike erfaringar får oss til å gå inn i oss sjølv, erkjenne at vi sjølv må ta tak og gjere ting litt annleis..

Sjølv om Høyang scora etter 10 sekund og det såg ut som soga skulle gjenta seg, så ville Balestrandgutane det ikkje slik. Høyang pressa oss som venta bakover i starten av kampen. Men forsvaret stod godt, og Knut tok komandoen i midtforsvaret. Han løyste oppgåvene svært godt anten som 1. forvarar eller i rollene med sikring eller markering. Bas, Roger og Eirik spelte og konsentrert og sikkert, og det dei ikkje rydda vekk tok Håkon som var keeper denne dagen seg relativt enkelt av.

Framoverpå bana fekk vi etterkvart betre tak. Viljar sette igang med gode løp, og både Birk og Per Aki hadde gode sjansar til å utlikne. I staden scora Høyang på eit godt utført frispark frå langt hald og gjekk då opp til 0-2. Men Balestrand heldt fram, og fekk ei fortent utlikning til 1-2 med Birk ettereit fint angrep. Dette heldt seg til pause.

I andre omgang heldt kampen fram med same kambilete. Jamnspelt og med sjansar til begge lag. Balestrandgutane jobba svært godt i tropevarmen med berre ein innbyttar. Midtveis i omgangen fekk Høyang eit noko heldig mål på eit langskot som keeper feilrekna litt. Dette gjorde Håkon godt igjen med eit tigersprang nede ved stolperota like etter. Balestrand hadde også fleire store sjansar til å gjere mål. Med litt større presisjon i gjennomspela og i sjølve avsluttingsfasen hadde vi fort scora fleire.

Vi tapte kampen 1-3, men for oss var dette ein seier. Vi reiste oss, gjorde vårt til at det vart ein fin kamp - og vi vann over oss sjølv!



Skrive av: Arne Abrahamsen (12.06.07 - 10:18)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488652 besøk, sidan 18. juli 2005