Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Serieleiaren vart for sterke




Foto:

Serieleiar Høyang med fem strake seierar var gjestar på Kreklingen fredag. Det var seier nummer seks for laget frå industribygda.

Høyang var nok det beste laget frå start, men Balestrand forsvarte seg godt anførd av ei særs opplagd og god Heidi i midtforsvaret. Ho og Silje Totland byta plassar til denne kampen, og det synte seg å vere eit smart trekk.

24 minutt tok det før den første store sjansen kom. Høyang hedda like utanfor etter corner. Corner skulle syne seg å verte eit mareritt for heimelaget. Halvtimen var spela då Høyang skrudde ein corner rett i mål. Svakt av forsvar og keeper i denne situasjonen.

Balestrand sin størse sjanse i 1. omgang kom då Kristina og Barbro kombinerte flott på høgresida. Etter flott eittouchspel, vart angrepet avslutta med at Kristine skaut rett på keeper.

2 minutt før kvilen, sette Høyang inn kveldens andre cornermål. Høyangspelaren fekk gå uhindra opp på fire meter og hedda enkelt i mål.

Cornerkomplekset fortsette i 2. omgang. Etter 9 minutt auka Høyang til 3-0 etter cornerbaklengs nummer tre...... Minuttet etter fekk Balestrand frispark 20 meter frå mål. Ingunn skaut flott, men ballen traff staden der tverrliggar og målstong møter kvarandre, òg kjend som krysset. Diverre vart det krysset ut.

Balestrand hadde eit bra trykk på Høyanglaget første halvdel av omgangen. Høgt press og aktive og godt kjempande jenter viste tendensar til flott spel. Ein var belønna etter 14 minutt då Ingunn etter eit langt og godt angrep, snudde seg rundt og klinka ballen i nota. 1-3.

Linn fekk vist seg fram ved eit par høver med flotte beinparadar. Corner var framleis farleg, og Høyang vra farlege kvar gong med presist slåtte baller. 10 min før slutt vart ballen redda på streken, denne gongen òg etter corner.

6 minutt før full tid sette Høyang inn sluttresultat til 4-1. Silje var noko uheldig og ukonsentrert då ho missa ballen på eigen banehalvdel. Det vart ein enkel jobb å sette ballen i mål aleine med keeper.

Balestrand stilte med dette laget frå start:
Linn, Marte - Heidi - Ann Kristin - Hanne, Barbro - Kristina - Silje Totland - Ragnhild, Kristina - Bjørg Kristine.

Sandra, Frøydis, Anette og Helene kom alle inn og bidrog positivt.

Mykje positivt å bygge vidare på etter denne kampen. Jentene viste at dei kan om dei vil. Til tider vart serieleiaren kjempa ut av stilen. Høyangspelarane og trenarane var på ingen måte nøgde etter kampen. Dei meinte at dei hadde spela "ein rævva" kamp! Det er kanskje Balestrand si skuld. Ein er ikkje betre en det motstandaren tilllet. Hadde det ikkje berre vore for alle desse cornerane....

Det var heilt greit at Høyang vann kampen. Dei har eit mykje jamnare lag enn Balestrand. Syns likevel ikkje at dei imponerte så mykje, utanom at dei var særs effektive på dødballar.

Balestrand sin beste spelar var Heidi Eilifsen.

PS! Det er noko gale med bildeopplastinga, så derfor har ein ikkje fått lagt inn nye bilder...



Skrive av: Geir Harkjerr (09.06.07 - 19:40)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487214 besøk, sidan 18. juli 2005