Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene med ny heimesiger




Foto:jarle

Småjentene vann 2-1 mot Sogndal 2 i ein spanande kamp onsdag  etter ein god andre omgong.

Det var imidleritd Sogndal 2 som opna best på ei gloheit bane. Sogndølene, som tidlegare i sesongen berre hadde tapt for sitt eige førstelag, pressa heimelaget tilbake på bana, og med litt meir tur kunne dei ha scora eit par gongar i starten av kampen. Balestrandjentene var imidlertid farleg frampå eit par gongar.

Etter vel kvarteret gjekk Sogndal opp i leiinga etter ei kontring. Ein rask og god midtspiss vart fint spelt igjennom og scora sikkert. Jentene våre kom imidlertid betre med ut over i omgongen og hadde nokre gode sjansar. Jentene frå  høgskulesenteret var likevel farleg frampå eit par gongar.  

Småjentene frå Balestrand kopla raskt grepet i andre omgang. God innsats over heile linja gjorde at det nå var Sogndølene som kom på defensiven.  Fleire fine angrep bar bod om scoring. Og endeleg kom scoringa. Og for ei scoring. Karina forserte på høgre sida før ho på meisterleg vis klinka ballen i mål frå relativt langt hald. Og ikkje mange minutt etter fekk Brita belønning for sin store løpsstyrke. Ho fekk ballen i god posisjon framfor mål og banka ballen opp i nettaket over keeper. Jentene heldt fram det gode spelet og det var ei korrekt avgjersle då den svartkledde berre fem minutt etterpå peika på straffemerket etter at Oline vart felt i klar scoringsposisjon. Balestrand kunne dermed ha punktert kampen. Keeperen redda imidlertid straffa. I denne gode perioden hadde dei og eit stolpeskot som kom etter eitt av fleire gode hjørnespark. Sjølv om jentene hadde bra kontroll resten av kampen, vart det svært spanande ettersom  Sogndal hadde nokre gode sjansar i sluttminuta som kunne ha ført til utlikning.  Men, det klarte dei  ikkje og jentene frå perla ved Sognefjorden kunne bokføre sin fjerde strake heimesiger for sesongen. 

Kannonbra av jentene. Ein kvelande varme gjorde dette til ei utholdenhetsprøve. Spesielt sterkt at dei klarte å kome tilbake og snu kampen i andre omgang. Det viser at jentene har tæl og bra kondisjon. Kven som helst kan jo prøve å spele 2 x 35 minutt fotball i solsteiken på kunstgraset. Tøffe greier.

Godt å sjå at masse skottrening gjev resultat. Begge måla i denne kampen kom etter gode skot. Det er imidlertid fleire av jentene som har masse krutt i støvlane. Så langt i år har seks ulike spelarar laga mål. Det er ein stor styrke for eit lag at det er fleire som kan lage mål, og det er ingen ting i vegen for at ikkje lista på seks skal utvidast. Kampen vart for øvrig filma og skal visast for jentene slik at dei skal bli betre i stand til å ta "rette" val og til å bli  betre i organisering/plassering. No vert det ei veke utan fotballkamp, men med fult trykk på treningane, før vårsesongen vert avslutta med kamp mot Årdalstangen, også den på Kreklingen stadion.  



Skrive av: Alf M. Høyrem (08.06.07 - 11:42)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488678 besøk, sidan 18. juli 2005