Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Effektive Kaupanger




Foto:Geir Harkjerr

Nok ein gong vart det tap for damene, men no har ein endeleg byrja å skape målsjansar.


Fredag kveld var det klar for kamp på den nye kunstgrasbana på Kaupanger. Med dårlege minner frå sist opptreden der forige sesong med tosifra tap, håpa ein å ta med poeng heim denne kvelden.

Balestrand opna kampen forykande. Allereie etter 2 minutt sprang Sara frå forsvaret, og runda keeper elegant. Ho kom litt skrått ut på hjørne av femmetaren, men det skulle likevel berre vere å rulle ballen i det åpne målet. Desverre traff Sara feil på ballen, og den gjekk rett fram og til utspel...

Berre minuttar seinare var det Ingunn sin tur til å prøve å få ballen inn i mål. Flott gjennomspel frå Kristina, men Ingunn sette ballen rett i føtene på keeper då ho kom aleine mot ho...

10 minutt ut i kampen var det noko ruskete på høgresida i BIL-forsvaret. Marte kom på etterskot. Kaupingspissen fekk springe nesten uhindra mot mål. Linn trudde ho skulle ta skotet frå cirka 12 meter, men skotet gjekk via Hanne og Linn var sjanselaus. 8 minutt seinare var Ann Kristin som fekk køyrt seg. Ho såg ut til å ha kontroll, men i staden for å sette inn ei av sine velkjende taklingar, fekk Kaupangerspelaren lov til fortsette å springe mot mål. Nytt skot via Balestrandforsvaret, og Linn var nok ein gong sjanselaus.

Etter 28 minutt auka heimelaget til 3-0, og nok ein gong etter ikkje direkte imponerande forsvarsspel. Eit langt etablert angrep, men ved fleire høve kunne fleire av Balestrandsspelarane ha fått kontroll.

Kristina burde og skulle ha redusert då ho kom aleine mot keeper etter 32 minutt. Nok ein gong gjekk skotet rett i føtene på keeperen... Kaupanger fastsette pauseresultatet til 4-0 etter 42 min. Kaupanger hadde totalt 10 målsjansar inkludert 4 skåringar i 1. omgang. Balestrand vart bokført med 7, og derav 3 ganske store.

Pausen var nytta til å gje diverse instruksar samt interessante diskusjonar der fleire av spelarane kom med konstruktive synspunkt på "tingenes tilstand". Eit forslag om at spelarane skulle få lov til å gå til Hella dersom dei viste symptomar på at dei allereie hadde tapt kampen var òg sett fram.

2. omgang vart mykje betre sett frå bortelaget si side. Kaupanger fekk ikkje lov til å styre slik som dei gjorde om i lag halve 1. omgang. Berre 1 målsjanse fekk dei i denne omgangen. Ingunn tok "skeia i eiga hand" 26 minutt ut i omgangen. Ho sprang frå langt inne på eigen banehalvdel med ballen kontrollert i føtene, og fortsette innover på banehalvdelen til heimelaget. 20 meter får målet fyrte ho av, og laga ei vakker redusering.

Balestrand fortsette å demme godt opp bakover, og hadde fleire nestesjansar. Det vart ikkje mange avslutningar mot mål, men laget viste fine tendensar med mykje bra "ballpossession". 3 minutt på overtid sette Kristina inn 2-4 aleine med keeper. Tredje forsøk aleine med keeper, og som kjend, alle god ting er tre! Avspark, og så var kampen slutt.

Balestrand starta med dette laget:
Linn, Marte - Ann Kristin - Silje Totland - Hanne, Lina - Ingunn - Heidi - Anette, Kristina - Sara.

Ragnhild, Frøydis, Karita, Bjørg Kristine og Sandra kom alle inn og gjorde ein god innsats.

Ein kan konkludere med at dei første 10 minutta var veldig bra. Då vart Kaupanger teken på senga, og Balestrand burde, og skulle ha leia 2-0. Midtvegs i omgangen fungerar det brukbart. Forsvaret, som vanlegvis har vore solid, sleit med å demme opp for alle Kaupingane som ville forsøke å skåre mål. Fleire gonger var flanken trekt inn mot spissane i midten, og vår høgreback følgde etter. Dette skapte stooore rom på høgresida. I tillegg hadde Kaupanger ein særs god pasningsfot på midten som slo geniale pasningar i roma. To av måla kom som følge av dette.

2. omgang vann Balestrand 2-0. Det må ein ta med seg. I tillegg fekk ikkje Kaupanger til det same spelet som i omgangen før. Hovudsakleg skuldast det at midtbana til Balestrand var mykje flinkare og meir presis i presset mo ballførar. I tillegg fann våre flankespelarar ut at dei måtte falle tilbake når backane vart pressa innover i bana.

For andre gong på rad fekk Balestrand gult kort. Ragnhild gjorde den prestasjonen å gå ut på feil side av bana i samband med innbyte, og vart belønna med den gule fargen...

Dagens Balestrandsspelar var Ingunn Kråvik.

Etter kampen, var det som vanleg stopp i Sogndal på Rimi og Narvesen med innkjøp av fòr til bilturen heim.

Fredag 8. juni kjem den ubeseira serieleiaren Høyang på besøk til Kreklingen. Då treng Balestrand støtte frå alle som kan krype og gå. Ta turen til Kreklingen fredag klokka 1900!

 

 


Ann Kristin, Sandra og Frøydis med sunn mat etter kamp
Foto:Geir Harkjerr


Linn, Kristina og Marte slapper av på fortauet i Sogndal
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (05.06.07 - 23:33)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487405 besøk, sidan 18. juli 2005